Nyheter

Ser mørketal om vald

Samliv knakar, barn taklar ikkje nye kjærastar til foreldra, knyttnevar blir brukt i oppdraginga.

– Familievernet er mitt hjartebarn. Eg er glad det har vore mogeleg å løfte fram denne viktige tenesta i fire år, saman med Venstre og KrF, fortel barne- og likestillingsminister Solveig Horne (Frp).

Sidan ho fekk nøkkelen til Barne- og likestillingsdepartementet i 2013 har familieverntenesta totalt blitt styrkt med 128 millionar kroner.

Barne-, ungdoms- og familiedepartementet (Bufdir) har analysert ferdig 2016-tala. Konklusjonen er klar: Fleire vel å bruke familievernet for å få hjelp.

– Vi ser at fleire får god hjelp, så samlivet kan halde fram, seier Horne.

LES MER: Rømde frå sterk foreldrekontroll 

For få saker

På éitt område erkjenner Bufdir at familievernet har ein jobb å gjere: Ein registrerer alt for få saker som handlar om vald og seksuelt misbruk.

I 2014 hadde familievernet 3.500 saker om vald eller seksuelt misbruk.

I 2016 er vald registrert som hovudtema i 3,8 prosent av sakene mot 3,7 i 2015. I fjor var familievernet involvert i 56.551 saker.

– Bufdir erkjenner at det er mørketal, kva må gjerast for å få fram dei reelle tala, Horne?

– Familievernet må få på plass betre rutinar for registrering, for vi må avdekkje vald og seksuelt misbruk, seier statsråden.

Analyser frå familievernet viser at i dag blir tredel av dei registerte valds- og misbrukssakene avdekka i mottaket medan to tredelar kjem for dagen i samtalane med terapeutane.

Bufdir meiner terapeutane må bli flinkare til å spørje slik at fleire valds- og misbrukssaker blir avdekka, slik at ein kan setje inn rett hjelp til dei som er råka.

Ros frå KrF

Nestleiar i Stortingets justiskomité, og i KrF, Kjell Ingolf Ropstad, ønskjer at alle familievernkontor får styrka kompetansen med eigne tilsette som arbeider med vald og seksuelt misbruk.

– Dessverre er behovet for slike medarbeidarar umetteleg, for mørketala er stor, seier Ropstad.

Ropstad har vore pådrivar for at regjeringa skulle leggje fram ein Opptrappingsplan mot vald og overgrep. Då planen blei behandla i Stortinget i april, ba dei folkevalde regjeringa:

• «Fortsette opptrappingen av familievernkontorene slik at det sikres egne ansatte som arbeider med voldsarbeid på alle familievernkontor, og at arbeidet med familier med voldsutfordringer ikke går på bekostning av familievernets kjerneoppgaver.»

• «Styrke familievernkontorenes allmenne arbeid med forebygging av vold for å avdekke risikofamilier og gi foreldrene verktøy til å håndtere vanskelige følelser og eventuelt disposisjon for utøvelse av vold.

– I KrF opplever vi at samarbeidet med regjeringa har sikra familievernet eit historisk løft, seier Ropstad.

Ny kjærast

I fjor ytte familieverntenesta hjelp i totalt 56.661 saker, fordelt på meklingar og kliniske saker. Totalt var nesten 170.000 menneske i kontakt med familievernet i 2016, eller nær 10.000 fleire enn i 2015.

I kategorien kliniske saker finn vi fire typer:

• Parforhold. Den fleste som oppsøkjer familievernkontora ønskjer anten å styrkje samlivet eller avklare om det har livets rett.

• Foreldresamarbeid og -vegleiing. Skilte foreldre ønskjer hjelp til å revurdere samværsavtalar, eller er usamde om oppdraging og grensesetjing.

• Samansette problem i familien. Handlar om fleirgenerasjonsproblem, strid rundt dine, mine og våre barn – og generelle samspelvanskar i familien.

• Hjelp til barn og ungdom. Her finn ein saker der barn lever midt mellom foreldre som er i konflikt med kvarandre. Eit døme er barn som opplever det vanskeleg at far – eller mor – har fått ny kjærast.

Les mer om mer disse temaene:

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen er journalist i nyhetsavdelingen i Vårt Land.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter