Sendt ut av Norge
James Malak seier han er frå Sør-Sudan. Norge har sendt han til Kenya.
James Malak sat i soknerådet i Lilleborg kyrkjelyd i Oslo, og var frivillig medarbeidar i kyrkja. Her kokar han graut til ei førjulsamsling.
Erlend Berge
– Avgjera er sjokkerande. Han skulle bare overhalde meldeplikta, men blei arrestert og sendt ut av landet, til Kenya.
Sokneprest Signe Fyhn i Lilleborg kyrkjelyd i Oslo mista i går ein nær frivillig medarbeidar. James Malak blei i fjor haust valt inn i soknerådet. Han fekk løyve frå biskopen, sjølv om han ikkje var norsk statsborgar og heller ikkje hadde identifikasjonspapir som sa kva land han kom frå.
– Det var dette James frykta; at han skulle bli sendt til Kenya, seier Fyhn.
Bestill abonnement her
KJØP