Nyheter

Saksøkjer staten for å bli mor

Ho er mor i mange land, berre ikkje i Norge, seier advokat.

Barnet er fødd av surrogatmor i USA. Norsk kvinne får ikkje lov til å bli juridisk mor i Norge. No saksøkjer ho staten. Kvinna vil ha fulle rettar også i Norge som barnets juridiske mor.

Barnet er fødd av surrogatmor i USA. Norsk kvinne får ikkje lov til å bli juridisk mor i Norge. No saksøkjer ho staten. Kvinna vil vere meir enn sosial mor. Dette er blitt aktualisert fordi biologisk far ikkje vil at kvinna skal få treffe barnet etter ein lang periode med delt omsorg.

– Dette er ei tragisk sak. Barnet fell mellom alle stolar.

Advokat Knut Sverre Skurdal Andresen i Advokatfirmaet BA-HR har ei uvanleg sak på skrivebordet, ei sak som blir ei prinsipiell sak når ho kjem opp for tingretten til hausten.

– Det hastar med ei avgjerd. Min klient må få avgjort om ho kan bli anerkjent som juridisk mor, eller få adoptere barnet. I dag er ho berre sosial mor, forklarar Skurdal Andresen, og legg til:

– Kvinna er etter lova mor i USA. Det har amerikanske domstolar avgjort. Ho er mor i mange land, berre ikkje i Norge.

Barnet bur i dag saman med biologisk far i Norge.

LES MEIR Seier nei til surrogati

Tidsvindauge

For tre år sidan prøvde regjering og storting å rydde opp i gråsonene i surrogatilandskapet. Våren 2013 vedtok stortingsfleirtalet «Midlertidig lov om overføring av foreldreskap for barn i Norge født av surrogatmor i utlandet mv.».

Dåverande barneminister Inga Marte Thorkildsen (SV) ønskte å opne eit tidsvindauge for nordmenn som hadde fått barn i utlandet med hjelp av surrogatmødre.

I Norge er surrogati ikkje lovleg. Men det er ikkje ulovleg for nordmenn å inngå surrogatiavtaler i utlandet.

Søknadsfrist

Massiv medieomtale av ei rekkje surrogatisaker – som involverte alt frå kronprinsesse Mette-Marit til ein politidirektør – fekk den raudgrøne regjeringa til å leggje fram eit amnestiforslag; ei mellombels lov.

Dei som hadde fått barn med hjelp av surrogatmødre i utlandet måtte søkje Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet (BUFdir) om å få overført foreldreskapet til Norge. Søknadsfristen blei sett til 1. januar 2014 for barn som var i Norge 1. januar 2014. Lova skulle berre vare fram til 31. desember 2015. For då var vonleg ei revidert adopsjonslov på plass.

Uroleg

Før Stortinget vedtok den mellombelse lova i mai 2013, var familiekomiteen på Stortinget uroleg; korleis vurderte barneminister Thorkildsen søknadsfristen – var denne absolutt:

«Hvordan vil departementet forholde seg til eventuelle nye saker etter 1. 1 2014, der norske borgere bringer barn født av surrogatmor til Norge?» spurde komiteen i eit brev til statsråden i desember 2012.

Thorkildsen svarte i januar 2013 at «Informasjon om regelverk og praksis er tilgjengelig på departementets hjemmesider, og må nå forutsettes å være kjent for de som planlegger å få/får barn i utlandet etter bruk av surrogati».

Altruistisk

– Barnet til min klient er født i USA nokre månader ut i 2014, opplyser advokat Skurdal Andresen.

Historia om det som no er blitt ei kinkig sak starta med ein avtale mellom eit norsk par, ein mann og ei kvinne, og ei amerikansk surrogatmor og hennar ektemann. Den norske mannen blei biologisk far til barnet kvinna i USA bar fram.

Paret i Norge signerte ein avtale om såkalla altruistisk surrogati. Surrogatmora i USA fekk ingen kompensasjon utover dekning av utgifter ved svangerskap og fødsel.

Etter at barnet blei fødd – «nokre månader» ut i 2014 – gav den amerikanske kvinna barnet frå seg, slik avtalen sa. Amerikanske domstolar hadde i forkant av fødselen avgjort at surrogatiavtalen var gyldig og at den norske kvinna allereie frå fødselen av var juridisk mor.

LES MEIR – Autoritært å nekte kvinner å være surrogatmødre

Avslag

I dag er det ingen samlivsrelasjon mellom mannen og kvinna. Han har status som biologisk far. Ho som sosial mor, men står utan rettar i Norge som mor til barnet

Men ho ønskjer å bli anerkjent som juridisk mor. Difor søkte ho Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet (BUFdir) om å få overført foreldreskap til barnet. Dersom dette ikkje er mogleg, ønskjer kvinna å adoptere barnet.

Kvinna fekk avslag. Då ho søkte BUFdir om å få adoptere barnet, fekk ho avslag frå regionkontoret som handsama søknaden. Avslaget blei seinare stadfesta av BUFdir sentralt.

Kvinna har svart på avslaga med å stemne staten ved Barne- og likestillingsdepartementet (BLD).

– Eg kan stadfeste at stemning er teke ut, og at stemninga er sendt departementet. Vi har nettopp fått tilsvaret frå staten, representert ved Regjeringsadvokaten, opplyser advokat Skurdal Andresen.

Lovvakum

– Barnet er fødd i eit lovvakum. Det blir ramma av ein mellombels lov, der ein formell søknadsfrist var passert allereie ved barnets fødsel, og ny adopsjonslov har regjeringa endå ikkje lagt fram, sjølv om dette skulle kome innan den mellombelse lova gjekk ut, 31. desember 2015, seier advokaten til kvinna.

I lovforslaget som blei sendt Stortinget i desember 2012 skriv Barne- og likestillingsdepartementet at «Departementet har som intensjon å få på plass nye bestemmelser i adopsjonsloven før eller samtidig med at midlertidig lov oppheves».

Solberg-regjeringa, som avløyste Stoltenberg-regjeringa i 2013, har framleis ikkje lagt fram forslag til ny adopsjonslov.

Lovforslag

Året før dei raudgrøne fekk avløysing, sette BLD ned eit adopsjonslovutval, som gjekk gjennom dagens lov og kom med forslag til ny lov. Utvalet leverte rapporten til barneminister Solveig Horne (Frp) i 2014.

Utvalet har eit konkret forslag til løysing på surrogatisaker:

«Vi foreslår en regel som ligner på stebarnsadopsjon (forslaget til ny lov § 13). Hvis en av de som bor i Norge er foreldre til barnet, for eksempel fordi den ene av partnerne i et ekteskap mellom to menn har gitt frø (sæd) til kvinnen som føder barnet, kan den andre partneren adoptere barnet som sitt stebarn. Ved denne typen adopsjon gjelder ikke et krav om at de må ha vært en familie i fem år.»

Om dette blir norsk lov veit ein ikkje før Horne legg fram forslag til ny adopsjonslov, som så blir handsama av Stortinget.

Rettssak

BLD har ingen kommentar til søksmålet frå kvinna. På generelt grunnlag kan vi ikkje kommentere løpande rettssaker eller gi opplysningar om personlege tilhøve, skriv departementet i ein epost til Vårt Land.

Les mer om mer disse temaene:

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen er journalist i nyhetsavdelingen i Vårt Land.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter