Kyrkjeasyl skapte store overskrifter i Norge i januar då syriske flyktningar i Kirkenes prøvde – og klarte – å ta seg inn i ei kyrkje for å sleppe å bli sendt til Russland.
No får kyrkjeasyl stor merksemd i USA. 12 kyrkjelydar, som er spreidde over heile landet, husar personar som eigentleg skulle vore deporterte. Organisasjonen Church World Service melder at vel 300 forsamlingar i 30 delstatar er klare til å huse illegale immigrantar som har styresmaktene i hælane.
LES MEIR Tredoblet muslimhat i USA
Frå Guatemala
Blant dei som har fått vern i ei kyrkje, er Hilda Ramirez og sonen Ivan. Dei sit i St. Andrews Presbyterian i byen Austin i Texas.
– Eg er redd for å bli deportert, fortel Ramirez til npr.org, USAs nasjonale radiokanal. Ho og sonen kom til USA frå Guatemala i 2014, som illegale immigrantar.
– Eg trur ikkje immigrasjonsagentane slår inn dørene for å ta meg med. Eg kjenner meg trygg her.
LES MEIR Historien om hvordan kirkeasylet oppsto i Norge
Er utviste
USA byrja i januar å deportere arbeidsmigrantar utan lovleg opphald. Aksjonen er ein av dei største mot ulovleg innvandring nokosinne. Dei som blir deporterte, har alle fått ei rettsleg avgjerd på at dei er utviste frå USA.
Mange av latinamerikanarane som no skal ut, er frå land som Guatemala, El Salvador og Honduras, som alle er prega av stor fattigdom, korrupsjon og mykje vold.
Deportasjonane påverkar den nasjonale økonomien i fleire latinamerikanske land fordi mange innbyggjarar overlever på pengehjelp frå slektningar som bur og jobbar ulovleg i USA.
LES MEIR Gapet mellom fattige og rike i Latin-Amerika vokser
Rundskriv
Enn så lenge er Hilda Ramirez og dei andre som har søkt vern mot deportasjon, trygge. Akkurat som i Norge er vernet tufta på eit nasjonalt rundskriv. I 1993 gav dåverande Ap-justisminister Grete Faremo beskjed til politimeistarane at dei skulle stoppe på kyrkjetrappa. I 2011 sa det amerikanske toll- og immigrasjonsdirektoratet (ICE) at ingen av deira agentar skal gå inn i kyrkjer, skular og sjukehus for å hente personar som skal kastast ut av landet. Så sant vedkommande ikkje er klassifisert som «terrorist» som «farleg».
Får advokathjelp
Guatemalanske Ramriez blei nekta asyl i fjor. No vonar ho hjelpa frå ktrkjelyden i Austein skal føre fram. Pastor Jim Rigby har kontakta advokat som skal hjelpe til med å utforme anken på asylavslaget. Men han veit ikkje kor lang tid det vil ta.
Immigrantar utan lovleg opphald går også i kyrkjeasyl fordi dei ser at det fører fram. Church World Service melder at i 13 ferske saker har 11 immigrantar fått lovleg opphald i USA etter at deira saker blei offentleg kjende; dei fekk medias søkelys på seg der dei sat i kyrkjeasyl.
Sat 15 månader
I november kunne Rosa Robles gå ut av kyrkja til Southside Presbyterian i byen Tucson i delstaten Arizona. Kyrkja hadde vore hennar heim i 15 månader. Robles gjekk i kyrkjeasyl den dagen ho skulle vore deportert til Mexico. Ho hadde då vore ein illegal immigrant i USA i 16 år. Avtalen med styresmaktene sikra henne opphald i USA saman med dei to sønene ho har fått.
- Vi er alle Guds barn og vi fortener ein sjanse, seier ho til npr.org.
Nasjonal aksjon
Bølgja av kyrkjeasyl i USA har band tilbake til 1980-talet. Då var rundt 500 kyrkjer og synagogar involverte i ein nasjonal aksjon for å gje vern til illegalle immigrantar som hadde rømt frå borgarkrig og politisk vald i særleg Guatemala og El Salvador. Også den gongen blei immigrantar deporterte i stor stil.