Nyheter

Reknar med kyrkjedebatt på bedehusmøte

Indremisjonsformannen forventar at delegatane på generalforsamlinga har meiningar om situasjonen i Den norske kyrkja.

ÅLESUND: – Eg forventar at de har lese dokumentet med råd frå ImF i kyrkjesituasjonen og at de alle har eigne meiningar om innhaldet i dette dokumentet. Ver bevisst anten du vil melde deg ut av Den norske kyrkja, eller du vil bli verande. La røsta di lyde under forhandlingane denne veka, oppmoda avtroppande formann Sverre Dag Ljønes då han opna generalforsamlinga til Indremisjonsforbundet (ImF) i Ålesund onsdag kveld.

LES OGSÅ: Kvinner kan få 6 av 7 plasser i indremisjonens styre

Liturgi for likekjønna ekteskap

Bakteppet for dokumentet om situasjonen i Den norske kyrkje, er særleg Kyrkjemøtets vedtak om å innføre liturgi for likekjønna ekteskap frå og med januar 2017. Dette uroar mange i bedehusorganisasjonane.

– Det er heilt spesielt i år dette med kyrkjesituasjonen, seier Ingunn Holm, delegat frå ImF Sør og forsamlingsarbeidar i Randesund Indremisjon. Ho har delteke på dei siste generalforsamlingane og meiner at indremisjonen må verte bevisste på kva som er organisasjonen sitt eige.

– Eg har ei forventning til denne generalforsamlinga, at vi vert eit bevisst folk, at vi får god forkynning og inspirerande seminar. Det vert spennande med forhandlingane. Elles er det alltid ei glede å få treffe så mange folk, og ha den gode fellesskapen med dei vi høyrer til i organisasjonen vår, seier ho.

LES MER: Flere kristne friskoler

Fokus på å nå unge

Krinsleiar Ommund Tveit i IMF Sør har òg delteke på mange storsamlingar i indremisjonen. Han håper at mange folk kjem til generalforsamlinga, at forkynninga er god og at indremisjonen framover må ha fokus på å nå nye unge.

– Vi må tilpasse møtetidspunkta slik at unge og barnefamiliar kan vere med på møta våre, meiner Tveit.

Kring 550 personar deltok på opningsmøtet onsdag kveld i Borghallen på Borgund Folkehøgskule.

LES MER: Roser biskopenes homovedtak – får ris av egne

«Innta landet»

Generalsekretær Erik Furnes sa at mottoet for årets toppmøte er kallet til organisasjonen: «Innta landet».

– I dag finst det stadar der det er tynt med kristent arbeid. For oss er det eit kall å gå ut med Ordet til alle. Håpet mitt for årets generalforsamling er mellom anna at Gud kan skape iver og lyst til å innta landet for Gud, slik Herren har kalla oss til, understreka Furnes.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter