Nyheter

Regjeringa sponsar Afrika for å halde på borgarane

Afrikanarar utan lovleg opphald i Norge skal heim. Regjeringa freistar med Afrika-fond.

Medan det er tøffe tak i Stortinget om neste års statsbudsjett – dei blåblås budsjettkamerat KrF seier at dei ikkje kan vere med på omfattande kutt i langsiktig bistand, særleg til Afrika – deler statsministeren ut millionar til afrikanske land.

Det skjer under krisetoppmøtet om flyktningar og migrantar på Malta:

27 millionar kroner til Valletta Trust Fund, EUs nyoppretta Afrika-fond.

Kollekt på Malta

Fondet, som skal motivere afrikanske statsleiarar til å halde på borgarane, er på 1,8 milliardar euro – eller nesten 17 milliardar kroner.

Éin milliard kjem frå EUs institusjonar medan resten blir samla inn frå dei europeiske deltakarane som er på Malta-møtet; 28 EU-land samt Norge, Sveits og Island.

LES MER: Norge tjener godt på bistandskutt

I tilleggsmeldinga til statsbudsjettet, som kom 30. oktober, forklarar Solberg-regjeringa kvifor ein koplar bistandspolitikk med asylpolitikk:

«Regjeringen vil ta helheten av utenrikspolitiske virkemidler i bruk for å fremme samarbeid om retur. Det er nødvendig å se migrasjon, retur og bistand i sammenheng.»

Minimummillionar

27 millionar kroner er minimumsbeløpet som er fastsett for å vere med i Valletta Trust Fund. Fondet skal sikre økonomisk utvikling i eit utval afrikanske land. Det skal slik fjerne årsaker til at folk trekkjer mot Europa.

Nesten 145.000 av dei 770.000 som har kryssa Middelhavet til Europa hittil i år, kom frå hamner i Nord-Afrika. Disse menneskene har reist frå Eritrea, Nigeria og andre land i Vest-Afrika.

LES MER: – Under Frps harde oppførsel ulmer en klar trussel

Krav til bistand

Statsministeren er klar på at Norge ønskjer noko tilbake: Afrikanske land må ta tilbake borgarar som har fått endeleg avslag på asylsøknadane.

Til NTB seier Solberg at ho truar ikkje med kutt, men gjer landa merksame på at «dialogen og handlingsrommet blir mindre»:

– Det er slik at med dei fleste landa vi gjev bistand, så er det eit krav at dei også tek imot sin eigen befolkning som reiser tilbake igjen. Det er ein del av dei krava ein må setje til godt styresett.

LES OGSÅ: «Vær ærlig, folkevandringen vil forandre velferdsstaten»

På EU-linja

Asylavslagstala til Utlendingsdirektoratet (UDI) for årets ti første månadar viser at Solberg kan snakke med særleg ti afrikanske land om retur (sjå faktaboks). Og ho har pengar å tilby:

«(...) land som samarbeider om retur, kan forvente europeisk hjelp på andre områder», melder regjeringa i tillegsmeldinga.

Eit av landa, Eritrea, tek ikkje i mot eigne borgarar som har rømt til utlandet, men som ikkje får opphald i landet dei søkjer asyl i.

To kutt

For å møte den sterke tilstrøyminga av asylsøkjarar til Norge, har utanriksminister Børge Brende (H) omdisponert 4,2 bistandsmilliardar for å betale asylrekningane som stig kraftig i år og neste år.

I tilleggsmeldinga gjer regjeringa to ting med Afrika-bistanden:

• Dei barberer den bilaterale støtta – land-til-land-bistanden – til Afrika med 127,3 millionar kroner.

• Dei skjer kraftig i bistanden til sivilt samfunn; norske, frivillige organisasjonar har mange prosjekt i afrikanske land. Kuttet som kom i statsbudsjettet – 300 millionar – og kuttet som kom i tilleggsmeldinga – 969 millionar – betyr at dei blåblå berre vil bruke 670,5 millionar kroner på frivillige organisasjonar neste år.

LES MER: – De har ikke erklært hellig krig, bare klaget på maten.

Skot i foten

Leiaren for OECDs utviklingskomité, tidlegare miljø- og utviklingsminister Erik Solheim, meiner det er uklokt å bruke mykje bistandspengar på flyktningar i Norge. Han oppmodar Solberg-regjeringa til å prioritere langsiktig bistand.

– Dei nordiske landa skyt seg sjølv i foten dersom dei ikkje bidreg til å tette gapet i levestandard mellom Afrika og Europa, seier Solheim.

Følg oss på Facebook og Twitter!

Flyttar pengar

I haust gjer Danmark, Sverige og Finland som Norge, omdisponerer langsiktig bistand til flyktninginnsats i eigne land. Solberg-regjeringa ønskjer å bruke kvar femte bistandskrone på asylrekningar.

Les mer om mer disse temaene:

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen er journalist i nyhetsavdelingen i Vårt Land.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter