Nyheter

Høgre-kvinner pressar på for eggdonasjon

– Eggdonasjon må likestillast med sæddonasjon, seier Tina Bru.

Frontane er tydelege: Arbeidarpartiet, SV og Framstegspartiet seier ja til å gjere eggdonasjon lovleg i Norge. KrF, Senterpartiet og Miljøpartiet Dei Grøne seier nei.

Følg Vårt Land på Facebook og Twitter!

Fram til no har Høgre sikra fleirtal for nei-standpunktet, men fleire stortingsrepresentantar arbeider for at partiet skal skifte side og seie ja til at norske kvinner kan bli gravide ved at norsk kvinner donerer egg. I dag reiser mange kvinner som ønskjer å kjøpe donerte egg til Latvia, Russland, Finland og Spania.

Stortingsrepresentant Tina Bru, som leiar Høgres likestillingspolitiske utval, meiner partiet må endre nei-standpunktet:

– Eggdonasjon må likestillast med sæddonasjon. Eg meiner det ikkje er meir etisk problematisk å donere egg enn det er å donere sæd, seier Bru til Vårt Land. Snart skal utvalet ho leiar fatte eit vedtak; ja eller nei til eggdonasjon.

Frå før har Brus stortingskollega Kristin Vinje, nestleiar i Oslo Høgre, sagt at ho arbeider for å endre partiets standpunkt.

LES MEIR Høie held korta tett til brystet

Seier ja

Styreleiar Lise Boeck Jakobsen i foreininga Ønskebarn likar det ho høyrer.

– Eg ser at det er ei endring på veg i Høgre, eg trur partiet kjem til å seie ja til eggdonasjon, seier ho.

Ønskebarn er ein interesseorganisasjon for og med menneske som strevar med å få barn. Styreleiar Boeck Jakobsen har ei utfordring til helseminister Bent Høie, som også leiar programkomiteen i Høgre:

– Dersom partiet har planar om å gå til val i 2017 med eit ja til eggdonasjon, så kan dei like godt kunngjere det no.

Høg rekning

I dag blir praktiserer Norge dette donasjonsregimet:

• Dersom ein treng sæddonasjon, vil ein få dette og assistert befruktning gratis i Norge.

• Dersom ein treng eggdonasjon, må ein oppsøkje ein klinikk i utlandet.

Rekninga for å bli gravid med donerte egg ved ein klinikk i utlandet passerer fort 100.000 kroner.

– Eg ønskjer ei ordning med altruistisk eggdonasjon. Det vil vere problematisk å tilby donorar pengar for å gje frå seg egg, meiner Bru.

– Samd, seier Ønskebarn-leiaren.

Ei altruistisk ordning vil innebere at kvinner usjølvisk donerer egg til kvinner som har diagnosen ufruktbar. Bioteknologirådet meiner at årleg vil rundt 200 norske kvinner ønskje å få egg frå donor.

LES MEIR Vil fjerne eggdonasjonsforbudet nå

Tunge fagråd

Stoltenberg III prøvde å revidere bioteknologilova, men Senterpartiet sa bestemt nei til eggdonasjon, tidleg ultralyd for alle gravide og assistert befruktning for einslege.

Helseminister Bent Høie (H), som er mot eggdonasjon, har lova å levere ei stortingsmeldinga om ny bioteknologilov før valet i 2017.

Følg Vårt Land på Facebook og Twitter!

På vegen mot ny melding har Høie bede ei rekkje faglege instansar om å evaluere dagens bioteknologilov. Både Helsedirektoratet og Bioteknologirådet seier ja til eggdonasjon:

• Regelverket må bli tilpassa røynda – og røynda er at eggdonasjon er lovleg i dei fleste landa i Europa, seier direktoratet. Berre Sveits, Austerrike, Tyskland og Norge seier nei. Helsedirektør Bjørn Guldvog har også eit likestillingsperspektiv når han rådar Høie til å opne for eggdonasjon.

• 9 av 15 medlemmer i Bioteknologirådet meiner eggdonasjon skal bli lovleg på visse vilkår.

I 2012 spurt Helsedirektoraret folket i ei meiningsmåling; ja eller nei til eggdonasjon? 67 prosent sa ja.

På landsmøte

Forslaget om å seie ja til eggdonasjon var oppe til votering på Høgres landsmøte i 2013. 176 delegatar sa nei til å endre lova, medan 121 støtta forslaget.

Les mer om mer disse temaene:

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen er journalist i nyhetsavdelingen i Vårt Land.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter