Politikk

Postkort frå Trump-land

Ståande breibeint i heimbyen Plymouth, helsar fagforeiningskjempa Ed Harry ­Donald Trump velkomen. Fotografar sender postkort frå dei som heiar på USAs 45. president.

Han er her, Donald Trump. Han har vore på jobb ei veke, som verdas mektigaste mann. Han fekk ikkje flest røyster – det gjorde rivalen Hillary Clinton.

Men 62.979.636 røyster gav han nøklane til Det kvite hus – for han vann flest valmenn.

Eit vindauga

Fotografar frå nyhendebyrået AP har reist rundt i USA og møtt dei som heiar på Donald Trump, som statssjef.

Postkorta frå Trumps Amerika er eit vindauge inn i folks liv; inn til kva den vanlege amerikanar tenkjer rundt dette dreiepunktet i USAs historie.

Sveik Clinton

Byane langs elva Susquehanna, aust i kol- og stålstaten Pennsylvania, er fulle av folk som levde eit yrkesliv som blåskjortearbeidarar.

Plymouth er ein slik blue collar-by, ein by der produksjonsjobbane segla ned Susquehanna, og vekk. Til Mexico. Til Kina. Attende stod Ed Harry. Og tusental andre. Fillerista av arbeidsløyse.

No skal eigedomsmagnaten, casinoeigaren og TV-kjendisen sikre nytt liv i Trumpland. Det er Ed Harry viss på:

– Republikanarane sa dei hata han. Demokratane ville ikkje vite av han. Lobbyistane sa dei ikkje likte han. Kina var imot han. India var imot han. Mexico var imot han. Eg sa, eg trur eg har ein kandidat.

Sjølv har 70-åringen alltid røysta på demokratane, slik fagforeiningsleiarar i blåskjortebyar plar gjera. Men han sveik Hillary Clinton.

– Det måtte bli noko anna.

LES OGSÅ: «Begynnelsen til all forfølgelse er når du gjør forskjell på folk ut fra rase og religion»

Knuste Clinton

I Ed Harrys valdistrikt knuste Trump Clinton med 20 prosentpoeng. No ventar pensjonisten på at valløfta blir innfridde: Nye industrijobbar, nybygging av vegar og bruer – og vel så viktig; ta makta frå sentraleliten i Washington.

Trump, seier Harry, skal gjere «USA storarta igjen».

LINCOLN, NEBRASKA

Rodney Rodwell, lausarbeidar, vonar president Donald Trump stoppar den ulovlege innvandringa til USA, slik at dagslønene kan gå opp. Slik det er no takkar illegale immigrantar ja til luseløner. Rodwell vonar også at marihuana blir lovleg vare i Trumps tid.

LINCOLN, NEBRASKA: Rodney Rodwell, lausarbeidar, vonar president Donald Trump stoppar den ulovlege innvandringa til USA, slik at dagslønene kan gå opp. Slik det er no takkar illegale immigrantar ja til luseløner. Rodwell vonar også at marihuana blir lovleg vare i Trumps tid.

Foto: Charlie Neibergall/AP Photo/NTB Scanpix

CRETE, NEBRASKA

Herschel og Betty Talley, som har ein son i Nasjonalgarden, vonar president Donald Trump styrkjer forsvaret – og helsevesenet. Betty Talley ønskjer å gå av med pensjon, men må halde fram i jobben for å kunne oppretthalde helseforsikringa.

CRETE, NEBRASKA: Herschel og Betty Talley, som har ein son i Nasjonalgarden, vonar president Donald Trump styrkjer forsvaret – og helsevesenet. Betty Talley ønskjer å gå av med pensjon, men må halde fram i jobben for å kunne oppretthalde helseforsikringa.

Foto: Charlie Neibergall/AP Photo/NTB Scanpix

LULA, GEORGIA

Patti Thomas, blomeseljar, er overtydd om at president Donald Trump vil få fart på økonomien, og at han vil leie renessansen amerikansk kultur treng no. Trump, seier Thomas, får ting til å skje og viser til at bilprodusenten Ford etablerte ein ny fabrikk i USA, og ikkje i Mexico.

LULA, GEORGIA: Patti Thomas, blomeseljar, er overtydd om at president Donald Trump vil få fart på økonomien, og at han vil leie renessansen amerikansk kultur treng no. Trump, seier Thomas, får ting til å skje og viser til at bilprodusenten Ford etablerte ein ny fabrikk i USA, og ikkje i Mexico.

Foto: David Goldman/NTB Scanpix.

LINCOLN, NEBRASKA

Forsikringsseljarane Eddie og Abby Kramer et frukost på stamkafeen. Ekte paret vonar president Donald Trump kuttar kostnadane på helseforsikringar, slik han lova – og som er viktig for dei. I dag er månadskostnadne for to vaksne og to små alt for høge, meiner Kramers.

LINCOLN, NEBRASKA: Forsikringsseljarane Eddie og Abby Kramer et frukost på stamkafeen. Ekte paret vonar president Donald Trump kuttar kostnadane på helseforsikringar, slik han lova – og som er viktig for dei. I dag er månadskostnadne for to vaksne og to små alt for høge, meiner Kramers.

Foto: Charlie Neibergall/AP Photo/NTB Scanpix.

LES OGSÅ: Trump avsetter USAs justisminister Sally Yates

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Politikk