Nyheter

Planlegg surrogatbarnebarn

Foreldre opererte ut sæd frå død son. No jaktar dei surrogatmor som kan føde deira barnebarn.

Trebarnsforeldra hadde sett fram til at ein dag skulle sonen, som har to søstrer, sjølv bli far – og dei stolte besteforeldre.

Så small det. Dødsbodskapsberaren stod brått på trappa. Deira 25 år gamle son, yrkesoffiseren i marinen, hadde nettopp mist livet i ei bilulukke.

Midt i sorga handla mor resolutt. Der og då:

– Eg vil ha ut sæd frå kroppen hans.

Mannen som kom med dødsbodskapen repliserte:

– Men då treng du ein ordskurd frå ein dommar som seier at så kan skje.

Kort tid seinare stod faren og bodberaren frå marinen i ein domstol. Dommaren høyrde på kravet faren bar fram – og sa ja, de får lov til å hente ut sæd frå din nyleg avdøde son.

Men faren kjende ingen glede over ordskurden:

– Dette var ein dag der det å vise glede var umogleg.

På eit sjukehus henta ein kirurg ut sæd, som så blei frosen ned.

LES MEIR Tilbyr nordmenn surrogati i Sverige

Opererer ut sæd

Det er magasinet Newsweek som fortel historia til det israelske ekteparet Irit og Asher Shahar, som i 2012 mista sonen Omri Shahar i ein dødskollisjon.

Shahars er ikkje åleine om å hente ut sæd frå døde soldatar. Newsweek fortel at eit veksande tal israelarar gjer det same som ekteparet, hentar ut sæd frå nyleg døde soldatar for at genane deira skal leve vidare. Samstundes vel fleire soldatar også fryse ned sæd medan dei er i live - og før dei «går ut i krigen».

Ønskjer barnebarn

Domstolen gav Irit og Asher Shahar rett til å hente ut sæd frå Omri Shahar etter ei kort juridisk, vurdering. Men Shahars har brukt lang tid på få domstolen til å seie ja til det neste steget:

Finne ein kvinneleg donor som kan levere egg, for betaling, så befrukte egget med Omri Shahars sæd, så setje det befrukta egget inn i ei kvinne som er villig til å vere surrogatmor. Straks barnet blir fødd, tek Irit og Asher Shahar over omsorga.

Då ekteparet søkte om å få gjennomføre dette, var svaret frå helsestyresmaktene tvert nei.

Irit og Asher Shahar argumenterte med at dei skulle ta hand om barnet som skulle bli fødd, og fostre det opp som sitt eige barn – og barnebarn.

Støtte frå kjærast

Styresmaktene svarte at Shahars ønskje var uetisk, for barnet ville vekse opp med ein død far og ei anonym mor. Dei kunne vurdert eit positivt svar om Omri Shahar hadde etterlete seg dokumentasjon som prova at han hadde hatt eit ønskje om å bli far, eller hadde ein partnar som vil bli forelder.

Kjærasten til Omri Shahar ønskjer ikkje å bli mor på denne måten, melder avisa Israel Hayom. Men ho har støtta Irit og Asher Shahars kamp.

Vann fram

Til slutt vann dei fram, i domstolen. Dommen gjev dei no lov til å få eit surrogatbarnebarn.

– Ei grein av familietreet er blitt kutta av, og det kan me ikkje gjere noko med. Men med hjelp av ny teknologi kan me syte for at nye blad kjem til, seier Irit Shahar til Newsweek.

Newsweek fortal at Shahars sak har skapt presedens for mange familiar:

– Eg representerer rundt 20 familiar som alle har fått ut sæd frå avdøde søner, fortel advokat Irit Rosenblum.

LES MEIR Utval vil gje til surrogati etter adopsjon

Få etterkomarar

Bjørn Myskja, filosofiprofessor og nestleiar i Bioteknologirådet, tyr til Peer Gynt når han høyrer om Irit og Asher Shahars rettskamp:

– Ja, tenkje det; ønskje det; ville det med; - men gjere det! Nei, det skjønnar eg ikkje.

– Kva er deira ønskje eit uttrykk for?

– Folk ønskjer seg mykje. Mange vil ha etterkomarar. Desse vil erstatte det tapte barnet, og teknologien gjer det mogeleg. Men det er vanskeleg å forstå deira kamp, dei burde handtert sorga over den døde sonen på ein annan måte, seier Myskja, som er kritisk til at domstolen i Israel etterkom foreldreparets ønskje.

Strenge lover

Han er glad Norge har ei «sunn og god lovgjeving» som set stoppar for å bruke fertilitetsteknologien på denne måten.

– Teknologien er der, men han skal ikkje brukast til å realisere alle ønskje.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter