Nyheter

Oppsagt reservasjonslege saksøkjer kommune

Reservasjonsstriden er ikkje over. Tidlegare fastlege Katarzyna Jachimowicz vil gå til sak mot kommunen som gav henne sparken.

- Prinsipielt er avgjerda fatta, det blir rettssak mot Sauherad kommune. Min klient ønskjer å få saka prøvd for retten, seier Håkon Bleken til Vårt Land.

Han er Katarzyna Jachimowiczs advokat.

Jachimowicz er katolikk og vil mellom anna ikkje setje inn spiral.

Men søksmålet er førebels ikkje levert:

- Min klient må først samle inn nok pengar slik at ho har økonomi til å saksøkje kommunen, forklarar Bleken.

Fekk ingen klager

Jachimowiczs opplever oppseiinga svært urettvis:

– Kommunen hadde problem med å skaffe legar. Eg ville vere lege i Sauherad, men dei gjorde det til ei stor sak at eg ikkje vil setje inn spiral på kvinner som søkjer prevensjon. Eg fekk ingen klager på jobben eg gjorde som lege.

LES OGSÅ: Fastleger har reservasjonsretten kontraktsfestet

Trekte forslag om reservasjon

Snart to har gått sidan helseminister Bent Høie (H) annonserte at han trekte det sterkt omstridde forslaget, og droppa å innføre reservasjonsrett for fastlegar.

Det var under forhandlingane mellom dei fire borgarlege partia hausten 2013 at Høgre og Frp gav KrF eit eige punkt i samarbeidsavtalen; legar skulle kunne reservere seg mot å vise kvinner til abort.

Fram til snuoperasjonen i april 2014 hausta Høie og Høgre mykje kjeft for avtalen.

LES OGSÅ: Kirkene forsvarer reservasjonsretten

Vil ikkje setje inn spiral

Reservasjonsstriden rette også søkelyset mot fastlegar som nektar å setje inn spiral på kvinner som ber om slik prevensjon.

Ein av desse legane er Katarzyna Jachimowicz. Ho er katolikk og vil av samvitsgrunnar ikkje hjelpe kvinner som ber om spiral. Den polske legen informerte Sauherad kommune om standpunktet då ho blei tilsett som fastlege på eit legesenter, men kommunen og legen inngjekk ingen avtale om at ho skulle sleppe å setje inn spiral.

Jachimowicz blei klaga inn for Statens helsetilsyn, som var tindrande klar i sin konklusjon. Dei forventar at kommunen «påser at fastlegen ikke reserverer mot oppgaver som følge av listeansvar i strid med regeleverket».

Tilbod om vederlag

- Difor prøvde vi ulike løysingar. Til sist strekte kommunen seg og gav henne tilbod om eit økonomisk vederlag om ho sa opp og ikkje tvista avtalen. Dette blei avvist, fortel advokat Frode Lauareid i KS Kommunenes Organisasjon til Vårt Land.

Han er advokat for Sauherad kommune.

- Kor stor var summen?

- Det ønskjer vi ikkje å gå ut med.

Følg Vårt Land på Facebook og Twitter

- Kommunen må bli frifunnen

I desember blei Katarzyna Jachimowicz sagt opp av Sauherad kommune fordi ho ikkje ville utføre lovpålagte oppgåver. Ho er formelt tilsett i kommunen fram til juni, men har sidan i fjor hatt permisjon for å arbeide på sjukehuset på Notodden.

- Vi har høyrt at Jachimowicz vil gå til rettssak mot Sauherad kommune, men vi har ikkje sett noko søksmål, fortel advokat Lauareid.

- Kva vil kommunen prosedere på i ei komande rettssak?

- Kommunen må bli frifunnen, og Jachimowicz må betale saksomkostningane.

Sauherad kommune meiner dei har alt på det tørre. Advokat Håkon Bleken opplyser at hans klient går til sak for å få prøvd oppseiinga ut frå Den europeiske menneskerettskonvensjonen, som garanterer religionsfridom og rett til å handle ut frå religiøs overtyding, og samvitsfridom generelt.

LES OGSÅ: Kristne leger erklærer full seier i reservasjonsstriden

Samlar inn penger

Då Jachimowicz blei sagt opp, kom Norges Kristelige Legeforening (NKLF) på banen, melder avisa Norge i dag.

- Eg tok kontakt med Katarzyna Jachimowicz for å vise henne vår støtte. Så stilte vårt sentralstyre seg bak henne, og ville støtte ho i den vidare kampen. Vi kan ikkje hjelpe henne med pengar til rettssaka, men vi hjelper henne med å etablere eit nettverk av økonomiske støttespelarar, fortel generalsekretær Magnar Kleiven i NKLF til Vårt Land.

Han meiner Jachimowicz treng frå 200.000 til 400.000 kroner til første rettsrunde, for ho kan bli pålagt å betale saksomkostningane til kommunen om ho taper:

- Rettssaka blir viktig. Vi får testa om fastlegar har reell samvitsfridom.

Les mer om mer disse temaene:

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen er journalist i nyhetsavdelingen i Vårt Land.

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter