Nyheter

Omstridd himmelfilm fylte teltet på Skjærgårds

Knapt ein stol var ledig under Heaven is for real. – Burde opna for samtale etterpå, seier teolog.

RISØYA: – Dette er ein veldig sterk film som kan påvirke mange.

Slik lyder beskjeden frå nattkino-arrangøren Fribu, som er barne- og ungdomsorganisasjonen til Frikyrka.

Under Skjærgårds Music & Mission Festival stod onsdag nettverket for nattkino-visning av Heaven is for real. Knapt ein stol var ledig i visningsteltet som romma over 100 personar.

– Filmen er trusstyrkande, seier Sebastian Hartvigsen (16) etter filmen.

– Barnsleg oppfatning av himmelen

Kinosuksessen baserer seg på den bestseljande boka med same namn. Den handlar om fire år gamle Colton Burpo frå Nebraska. I 2010 skreiv pastorfaren Todd Burpo og kona Lynn Vincent om sonen sin påståtte oppleving av å vere i himmelen i cirka tre minutt. Både boka og filmen har fått sterk kritikk, sidan dei langt på veg er laga for å bevise himmelens eksistens.

«Beskrivelsene passer godt med en barnslig oppfatning av himmelen, men mindre godt med Bibelen», skriv MF-professor Atle Ottosen Søvik om boka og filmen på verdidebatt.no.

LES OGSÅ: Set overgrep på dagsorden på festival

Skeptisk til kjerna i filmen

Lars Dahle som er teolog og viserektor ved NLA Mediehøgskolen Gimlekollen, har blogga om filmen og er kritisk til måten den blei brukt på.

- Denne filmen burde blitt kombinert med ein samtale etterpå, seier han.

Dahle rosar filmen for at sjåarane får eit respektfullt møte med ein pastorfamilie og deira liv, noko han meiner er sjeldan vare i påkosta filmar.

- Men kjerna i forteljinga er eg rimeleg skeptisk til, nemleg at denne guten verkeleg har vore i himmelen, seier Dahle og legg til:

– Det blir problematisk dersom unge kristne brukar filmen som ein viktig del av oppbygginga av trua si. For det er filmen eit altfor svakt grunnlag, og ein kan i neste omgang lettare miste trua.

Trur på bodskapen

Eg er kristen, så eg trur på at slike ting kan ha skjedd, seier Sebastian Hartvigsen (16) etter filmvisninga. Han såg filmen saman med Eirik Ydstebø og Erika Peersen Sele (15) som alle er fasinert av filmen.

- Trur de at opplevingane til denne guten viser akkurat korleis det er i himmelen?

- Eg trur at mange av skildringane er sanne, seier Hartvigsen.

Sjølv om det til dømes er svært omstridd at Jesus hadde blågrøne auger slik som «himmel-guten» hevdar, meiner tenåringane at det likevel kan vere slik.

– Eg trur at slike ting er grunnen til at filmen har blitt snakkis. Når det blir teke opp noko som folk tvilar på, får det merksemd, seier Peersen Sele.

Følg oss på Facebook og Twitter!

- Still spørsmål etterpå

Sjølv om viserektor Dahle er kritisk, trur han guten kan ha sett eit syn eller liknande.

- Filmen hadde med hell blitt brukt betre dersom ein etterpå hadde stilt nokre enkle spørsmål: Kva likte du best, og kvifor? Kva er du einig i, og kvifor?

Dahle viser til at nettsida snakkomtro.no som han er ein av skribentane på, har laga ferdig tre læringsopplegg som kan bli nytta i samband med filmen.

– Vi vektlegg vitnesbyrdet

Lars Ivar Bratsberg som er med på å vise filmen på vegne av Fribu, fortel at dei vil vise filmar som har tydeleg forkynning om Jesus, er økumeniske og med god kvalitet på det filmtekniske og skodespelet. Bratsberg meiner det er forskjell på filmen og boka.

– Vi ville ikkje hatt opplesning av boka, sidan den inneheld utfordrande detaljar, men i filmen er desse fjerna. Teologi om himmel byggjer vi på Bibelen, men vitnesbyrdet må vi også ta på alvor. Intensjonen med å vise filmen er at den skal skape refleksjon om himmelen.

– Burde de stilt nokre enkle spørsmål etter filmen for å få tenåringane til vurdere truverde i historia?

– Vi viser til at dei som ønskjer å samtale etter filmen, kan gjere det i samtaleteltet. Vi har tidlegare prøvd å stille spørsmål, men det er praktisk umogleg sidan klokka er 03.00 på natta.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter