Nyheter

Obama kuttar Chelsea Mannings fengselsstraff med 28 år

Aldri tidlegare har så mange straffedømde bedt ein president om å sjå i nåde til dei. Ingen har benåda så mange som Barack Obama i nyare tid.

Tre dagar før han avsluttar jobben som USA 44. president, har Barack Obama brukt presidentmakta til å barbere fengselsstraffa til varslaren Chelsea Manning med heil 28 år. Ho skulle eigentleg ha vore innelåst fram til 2045.

Saman med Manning fekk også 208 andre straffedømde oppleve at Obama såg i nåde til dei på tysdag; straffene blei kutta kraftig ned av presidenten. 109 av dei 209 var dømde til fengsel på livstid.

LES MEIR Obama besøkte moské for første gong

Pinlege avsløringar for USA

Det var i 2010 den militære etterretningsanalytikaren Manning, som då heitte Bradley – og var mann, lekka 700.000 topphemmelege dokument og mange kampvideoar til nettstaden Wikileaks. Ei lang rekkje pinlege avsløringar om den amerikanske operasjonen i Irak og Afghanistan, samt det amerikanske diplomatiet, blei allment kjent.

Ein av videoane som Manning gav til Wikileaks, viste eit opptak av eit amerikansk kamphelikopter som gjennomførte eit åtak i Iraks hovudstad Bagdad der fleire sivile blei drepne og såra. Blant dei var to journalistar frå nyhendebyrået Reuters.

Opptaket skapte ein stor debatt om moralen og legitimiteten til dei amerikanske styrkane, men militærleiinga konkluderte med at helikoptermannskapet handla i samsvar med stridsreglane.

I 2013 blei Manning, som no var transkvinna Chelsea, dømt for spionasje.

Farleg, farleg, refsar republikanaane

Obamas avgjer om å sleppe ut Manning i mai i år, og ikkje i 2045, vekkjer raseri i USA. «Fullstendig skandale», freser leiaren for Representantanes hus, republikanaren Paul Ryan. Han hevder Obama set «ein farleg presedens der dei som avslører vår nasjonale tryggleik, ikkje må stå til ansvar for lovbrota».

Raus president i åtte år

I USA kan straffedømde søkje presidenten om å bli benåda. Svaret på søknaden kan anten bli kortare fengselsstraff eller fullstendig benådning.

Barack Obama skriv seg inn i historia som ein særs raus president. Etter siste runde på tysdag, har Obama benåda heile 1.597 amerikanske menn og kvinner.

På benådingsoversikten må ein heilt tilbake til president Harry Truman, 1945-1953, for å finne ein amerikansk statssjef som var rausare enn Obama. Han såg i nåde til 2.044 amerikanarar, fortel Pew Research, som har finstuderte USAs benådningsinstitutt.

LES MEIR Obama skjerpar våpenlovene

Stor bunke søknader på Obamas bord

Og; bak 1.597 benådningane som kom gjennom Obamas nålauge, ligg eit berg av søknader. Ingen president har fått fleire søknader enn USAs 44. president. Vel 35.000 straffedømde ba om nåde i løpet av Obamas åtte år i Det kvite hus.

Bush, ein streng familie

I den andre enden av Pew-lista – som går frå 1897 – ligg eks-president George Bush senior på ein desidert sisteplass. Berre 77 straffedømte blei vurdert som verdige til å bli benåda då Bush styrte USA i åra 1989-1993.

Sonen, George W. Bush, er den nest mest knipe på nåden. Republikanaren som blei avløyst av Obama i 2009 let nåde gå for rett for berre 200.

Berre demokratar på topp

På topp-tre-lista ligg tre demokratiske presidentar:

• Franklin D. Roosevelt (1933-1945): 3.796 benåda.

• Woodrow Wilson (1913-1921): 2.827 benåda.

• Harry Truman (1945-1953): 2.044 benåda.

Sistnemnde er den presidenten som etterkom flest søknader, målt prosent. Heile fire av ti som ba om nåde, fekk det av Truman.

Fri i mai

Chelsea Manning er ei fri kvinne 17. mai.

Advokaten hennar, David Coombs, er svært opprømt over Obamas avgjer:

– Vi har ikkje snakka om framtida hennar, for ingen trudde denne dagen faktisk ville komme.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter