Nyheter

Norge sponsar EUs flyktningstopprogram

Norge har gjeve 80 millionar kroner til EU-fond som EU brukar til å støtte tre afrikanske land som stoppar flyktande eritrearar, deporterer dei eller låser dei inn i grufulle leirar.

– Det er desse lidingane Solberg-regjeringa overser når dei løyver millionar til EU-fondet, seier Finn Våge, leiar i solidaritetsorganisasjonen Eritreakomiteen.

Afrikas siste diktatur ligg heilt i front. Få andre land blir tømt for borgarar så raskt som Eritrea, seier FNs flyktningorganisasjon (UNHCR). Drygt 5.000 flyktar ut av landet kvar månad, på søk etter eit langt tryggare land å busetje seg i.

Dei flyktar frå ein eittpartistat prega av politisk undertrykking, og frå den særs lange samfunnstenesta.

Men flyktningrutene til Europa er snart stengde. Avtalen mellom EU og Tyrkia i fjor lukka på det næraste ruta Tyrkia-Hellas, og vidare nordover på Balkan. No er båttrafikken over Middelhavet på det næraste over – slik EU ønskjer. Flyktningar som har reist til Libya – for å ta seg til Europa – blir i aukande grad stua inn i leirar som blir skildra med ord som fortel at menneskeverdet blir grovt krenka.

Brutalt

Dei blir utsette for valdtekt, tortur og slaveri; dei blir handelsvare mellom rivaliserande militsar, seier Leger uten grensers (MSF) internasjonale president, Joanne Liu.

Dei blir haldne i interneringssenter over heile landet. Mange blir utsette for tortur og mishandling, seier FNs høgkommissær for menneskerettar, Zeid Ra'ad Al Hussein

Både Liu og Al Hussein har nyleg vitja Libya, som fall saman som nasjonalstat i 2011 – etter massiv NATO-bombing, der norske fly deltok.

Storparten av dei eritreiske flyktningane som ikkje kjem seg til Europa, endar i tre afrikanske land, Etiopia, Sudan og Libya, fortel MSF.

– Medan dei mange som kjem frå land sør for Sahara kan få hjelp til å reise tilbake til heimlandet, frå organisasjonar som IOM og UNHCR, må eritrearane bli. Heimlandet vil ikkje ha dei i retur. Difor blir eritreiske flyktningar ekstra sårbare. Men dette ser ikkje Solberg-regjeringa når dei støttar EUs fond med rause bidrag, seier Finn Våge i Eritreakomiteen.

LES MER: UD: Viktig instrument 

Samarbeid

Etiopia, Sudan og Libya får pengestøtte frå EU for å stoppe eritrearar som vil til Europa. Solberg-regjeringa har i to rundar løyvt til saman 80 millionar til EUs Emergency Trust Fund for Africa, 30 millionar i fjor og 50 millionar i haust.

10. oktober, få dagar før han gjekk av som utanriksminister, sa Børge Brende at Norge aktivt støttar opp om EUs stoppolitikk. «Norge deltar aktivt i det europeiske samarbeidet om migrasjons- og flyktningkriser», sa han i ei pressemelding.

På EUs toppmøte 19. oktober understreka medlemslanda at det er viktig å samarbeide godt med styresmaktene i Libya og Libyas naboland for å stoppe trafikken over det sentrale Middelhavet.

I rapporten Dying to reach Europe fortel Leger uten grenser korleis EU-fondet Norge har løyvt 80 millionar kroner til, blir brukt til å stoppe eritrearar i Etiopia, Sudan og Libya.

LES MEIR Frigjøringshelt ble paria

Etiopia: EU-Etiopia-avtalen har generelle klausular om både utvikling og migrasjon, men legg vekt på sistnemnde. I bytte for EU-midla skal Etiopia styrkje landets asylsystem og den regionale grensekontrollen, samt leggje til rette for å ta i mot migrantar og asylsøkjarar som har mislukkast med å ta seg til Europa. Ifølgje vitneprov frå flyktningar som prøvde å ta seg over Middelhavet, men som er blitt plukka opp av MSF på havet, er det blitt vanskelegare for eritrearar å få reise ut av Etiopia grunna monaleg strengare grensekontroll.

Sudan: Landet får raus millionstøtte frå fleire EU-ordningar, blant anna Emergency Trust Fund for Africa. EU krev at Sudan styrkar grensekontrollen, betrar politiutdanninga og byggjer lukka senter for migrantar og asylsøkjarar. Eritreiske flyktningar melder at dei blir banka opp, vilkårleg fengsla – og deporterte tilbake til heimlandet.

Nyhendebyrået AllAfrica melde i september at 104 eritreiske flyktningar blei deporterte til Eritrea i august etter summariske rettssaker i sudanske domstolar, som nekta eritrearane advokat. Flyktningane blei pågripne av sudanske militære i juli då dei var på veg til Libya, melder AllAfrica.

Slike deporteringar bryt med FNs flyktningkonvensjon.

Libya: Landet har fått hjelp frå EU til å byggje opp eigen kystvakt som hindrar smuglarbåtane frå å leggje ut på Middelhavet, og returnere flyktningar til leirar i Libya. EU støttar også den libyske regjeringa som har inngått alliansar med militsar som tidlegare dreiv med menneskesmugling sjølve.

MSF skriv i rapporten Dying to reach Europe at medan EU presenterer trening og støtte til den libyske kystvakta som eit middel for å redde liv, skildrar andre opplæringa som eit tiltak for å hindre sjøkryssinger over Middelhavet. Når Libya får bistand for å hindre flyktningar, asylsøkjarar og migrantar frå å reise frå landet og pågripe dei på havet for å returnere dei til libyske interneringssenter, forlengar berre EU dei langvarige lidingane eritrearar på reise blir påførte.

LES MER: Åtte trender om folk på flukt 

Les mer om mer disse temaene:

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen er journalist i nyhetsavdelingen i Vårt Land.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter