Nyheter

Nordmenn avviser at staten skal betale for singel-befruktning

Nordmenn seier kontant nei til offentleg ­betalt assistert befrukting til single kvinner. Motstanden er sterkast i Oslo blant høgt utdanna med høg løn.

Sverige har hatt tilbodet i eitt år. Danmark i ei årrekkje.

I Norge seier Stortinget nei. Men no vil Arbeidarpartiet at også single kvinner skal få hjelp av staten til å bli mødrer. I ­utkastet til nytt partiprogram, som skal vedtakast på landsmøtet som startar torsdag, skriv programkomiteen at Arbeidarpartiet vil «Åpne for assistert ­befruktning for enslige».

Men ei meiningsmåling Norstat har gjort for Vårt Land viser at det er eit stykkje veg fram dit:

Vel ein av to nordmenn seier nei, betal sjølv – 56 prosent. 24 prosent meiner det offentlege bør betale.

Spørsmålet som er stilt lyder «bør det offentlege betale for ­assistert befruktning til single norske kvinner, eller bør dei koste­ dette sjølv?».

LES MER: Betalte 150.000 for å bli aleinemor

Råd snudde

Bioteknologilova regulerer kven som skal få tilbod om assistert befruktning. I samband med lovrevisjonen som helseminister Bent Høie (H) initierte, blei saka handsama av Bioteknologirådet i 2014.

Fleirtalet på ni meiner at tilbodet berre skal ytast til ektepar eller sambuarar i ekteskapsliknande forhold, «slik at barna får to foreldre. Barn som fødes av enslige mødre etter assistert befruktning vil mangle en far eller medmor, og slik være i en mer utsatt posisjon dersom mor blir ute av stand til å ivareta omsorgen». Seks rådsmedlemmer ville liberalisere.

Samstundes peika heile rådet på at «Adopsjonsloven tillater (...) at enslige kan adoptere og på den måten bli omsorgspersoner for barn, med myndighetenes godkjenning».

I 2003 sa Bioteknologirådet ja til å gje single kvinner rett til assistert befruktning, men stortingsfleirtalet oversåg rådet.

Urban motstand

Vårt Lands måling viser at:

Ingen variablar gjev fleirtal for at det offentlege skal betale.

Menn er meir negative enn kvinner - nesten seks av ti menn seier «betal sjølv», medan 52 prosent av kvinnene seier det same.

Dei under 30 år er mindre negative enn dei som er eldre enn 50 – høvesvis 49 og 59 prosent seier «betal sjølv».

Ut frå region er Oslo-busette mest negative – 61 prosent vil ikkje at det offentlege skal betale. Nordmenn på Sørlandet og i Nord-Norge er mest villige til å la det offentlege ta rekninga – 28 prosent i begge regionar.

Nordmenn med høg utdanning og høg inntekt seier i langt større grad «betal sjølv».

God omsorg

Då Ap-nestleiar Hadia Tajik i januar slepte prøveballongen om at partiet ønskjer å opne for assistert befruktning til single, forklarte ho standpunktet med endra familiestruktur.

– Åleineforeldre kan vere gode omsorgspersonar. Det erfarer vi i dagens Norge. Berre tre av fire barn bur med begge foreldre i dag, sa ho til Aftenposten.

Veljarane som røystar på Ap støttar ikkje forslaget. I Vårt Lands måling seier 49 prosent av Ap-veljarane at single kvinner må betale sjølve. 28 prosent seier at det offentlege må bla opp.

KrF seier nei

Motstanden mot eit offentleg tilbod er sterkast i Framstegspartiet, KrF og Høgre, ­høvesvis 78, 72 og 71 prosent seier «betal sjølv».

I KrF forklarar nestleiar Olaug Bollestad motstanden med at «det er problematisk at staten systematisk skal leggje til rette for ein genetisk og biologisk fråkopling av barn frå opphavet sitt».

– For KrF er det barnas beste som er det overordna når vi som politikarar skal vurdere lovgjevinga rundt reproduksjon. Dernest kjem konsekvensane for kvinna og kvinnesynet vårt. Eit tredje omsyn er kva den såkalla fertilitetsindustrien gjer med oss som samfunn og slags menneskesyn denne industrien fremmar, seier Bollestad til Vårt Land.

SV er partiet med størst oppslutning om eit offentleg betalt tilbod til single. Her seier 41 prosent av veljarane ja, medan 47 prosent avviser.

I dag er det berre Venstre og SV som har programfesta at single bør kunne få hjelp til å få barn på lik line med par.

Les mer om mer disse temaene:

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen er journalist i nyhetsavdelingen i Vårt Land.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter