Nyheter

Nøler med oppgjer med gamle overgrep

Norge har eitt urfolk og fem nasjonale minoritetar. Norge strevar med å gjere opp for gamle synder. Sverige og Finland har starta gransking. Norge nøler.

6. februar er Samefolkets dag. I vinter markerte storsamfunnet at den samiske kampen for urfolksrettar hadde vart i 100 år. Statsminister Erna Solberg (H) talte i Trondheim og sa at skiftande regjeringar har dei siste tiåra ført ein aktiv samepolitikk å rette opp dei negative verknadane som kom av fornorskingspolitikken.

Tre månader seinare blir eit anna bilete rissa opp i Stortingets høyringssal 1 – dagen før dagen før dagen då Norge skal feire nasjonaldagen, samhaldet, Norge og det norske – eit bilete som fortel at det er eit stykkje veg å gå:

– 40 prosent (av norsk samar, red.anm.) opplever diskriminering i dag. Det er uhøyrt høgt, fortel Raimo Valle, tidlegare statssekretær for same- og minoritetssaker i Stoltenberg II.

LES MEIR: Kom til fots frå Finland  

Stortinget høyrer

Norges nasjonalforsamling har invitert til høyring. SV har fremma forslag om at Stortinget opprettar ein «sannhetskommisjon for fornorskningspolitikk og urett begått mot det samiske og kvenske folk i Norge».

Før Stortingets kontroll- og konstitusjonskomité seier ja eller nei til forslaget, skal alle høyrast. Måndag var det høyring. Mange meiner statsministerens oppsummering i februar blei for puslete, mykje forsoningsarbeid står att.

– Langt frå alle konsekvensane av fornorskingspolitikken er avdekt. Difor ber vi om at Stortinget går i gang med å opprette ein eigen sannings- og forsoningskommisjon, krev sametingsrådsmedlem Inger Eline Eriksen i høyringssal 1. Ho representerer det samiske partiet Árja i Sametinget, som støttar SV-forslaget om ein eigen sanningskommisjon.

Raimo Valle, i dag spesialrådgjevar i Troms fylkeskommune, utdjuper ved høyringsbordet: Kongen har bede samane om orsaking for fornorskingspolitiken, statsministeren det same. Men det er ikkje nok. Svaret er ein granskingskommisjon:

– No har vi høve til å få sett strek for mykje vondt.

LES MEIR: Styrker selvtilliten

LES LEDER: Viktig med bevisstgjøring av hva som har vært gjort mot samene

Manglar orsaking

Norge har eitt urfolk; samane - og fem nasjonale minoritetar; kvenar, skogfinnar, rom (sigøynarar), romani/taterar og jødar. Kvenane, romanifolket og skogfinnane kjem til syne i Norges-historia alt på 1500- og 1600-talet. Alle dei fem minoritetsgruppene har over hundre år lang historie i Noreg.

I ei stortingsmelding om «Nasjonale minoritetar i Noreg» slo Bondevik-regjeringa i 2000 fast at «Fornorskingspolitikken som blei ført overfor gruppene kan kallast for streng».

Storsamfunnet har behandla samar og kvenar svært ulikt, meiner Norske Kveners Forbund (NKF):

– Kvenane har aldri fått noko orsaking, på same måte som det samiske ha fått. Men dette er viktig for begge folka, både samane og kvenane har behov for å få dette granska og for å få ei forsoning, fortel NKV-leiar Hilja Huru til Stortingets kontrollkomité.

Norske Kveners Forbund deltok på høyringa i Stortingets kontroll- og konstitusjonskomité i går, leiar Hilja Huru (t.v.), nestleiar Trygg Jakola og styremedlem Beate Wilhelmsen.
Norske Kveners Forbund deltok på høyringa i Stortingets kontroll- og konstitusjonskomité i går, leiar Hilja Huru (t.v.), nestleiar Trygg Jakola og styremedlem Beate Wilhelmsen. Foto: Stortinget

Sverige granskar

Sverige gjer det som blir kravd i høyringa – og av SV. Her har granskinga av assimileringspolitikken mot samane starta. I Finland har regjeringa valt å etterkome eit liknande krav.

Samerådsleiar Eirik Larsen meiner Stortinget bør sjå til nabolanda:

– Ein bør kunne forvente ein samstemt politikk på dette området frå dei nordiske landa, seier Larsen i høyringa.

Kommunalminister Jan Tore Sanner (H) nøler. Til NTB seier statsråden – som har ansvaret for urfolk og minoritetar – at svaret kanskje ikkje er ein kommisjon.

LES MER: Nidarosdomen får samisk utsmykning

Senter for rom

Sist torsdag delte Sanner ut 12 millionar til eit eige kultursenter for ein av dei fem nasjonale minoritetane. Senteret, som skal reisast i Oslo, kjem etter at statsminister Solberg, i 2015, ba norske rom om orsaking for korleis storsamfunnet handsama dei.

Les mer om mer disse temaene:

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen er journalist i nyhetsavdelingen i Vårt Land.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter