Nyheter

«Namneskifte? Eg skal vurdere det»

Solveig Horne (Frp) seier ho har stått på for å få ressursar til familievernet i fire år – mellom asyl og asfalt.

– Med god budsjetthjelp frå KrF og Venstre har vi fått til mykje, rosar Frp-statsråden.

– Men eg treng fire år til, legg Horne til.

I 2003 introduserte dåverande barne- og familieminister Laila Dåvøy (KrF) eit gratis samlivskurs for par som fekk sitt første barn. Først var det eit prøveprosjekt ved utvalde helsestasjonar, så blei det eit permanent tilbod i alle landets kommunar.

Då den raudgrøne Stoltenberg-regjeringa tok over i 2005, forsvann dei statlege midla som følgde ­samlivskursa. Dåverande barne- og familieminister Audun Lysbakken (SV) skar vekk øyremerkte kroner og let kommunane sjølve prioritere samlivshjelp til par som skulle bli foreldre for første gong.

– Difor har vi i fire år prioritert ressursar til meir samlivshjelp, seier Horne.

Negativt

Statsråden sjølv omtalar familievernet som «ein løynd skatt», som ikkje har evna å fortelje kvarmann kva dei tilbyr. Alt for mange opplever den statlege tenesta som noko negativt, meiner Horne.

– Men her fekk du eit konkret innspel: skift namn på ­tenesta, ta vekk ordet vern, for det gjev negative assosiasjonar – vil du endre namnet på familie­vernet?

– Det er eit godt innspel, eg skal vurdere det, seier Horne.

Namneskifte

Med på besøket til familievernkontoret på Lillestrøm er også partikollega Kari Kjønaas Kjos, som leiar Stortingets helsekomité. Ho nølar ikkje når det ­hemmande namnet blir tema på gangen:

– Eg er for namneskifte, ­seier Kjos – og haustar nikk frå ­terapeutane og meklarane som lyttar på samtalen.

– Unge folk forstår ikkje kva som ligg i ordet familievern, og det melder noko negativt, forklarer komitéleiaren.

– Når både statsråden og ­komitéleiaren er positive, er det vel lett å gjere noko med dette?

– Ja, ja, seier Horne. Og lovar ingenting.

LES MEIR Rømde frå sterk familiekontroll

Pålagt

Ut frå besøket på ­Lillestrøm seier Horne at ho ­likar det som er presentert som resultat av prøveprosjektet. Men statsråden vil ha evalueringsrapporten på bordet før ho avgjer om familievern på helsestasjon skal bli ei pålagt teneste i alle kommunar.

– Vi ser at talet på ­meklingar har gått ned, men vi skal vere forsiktige med å trekkje ­bastante konklusjonar. Men vi ser ei svært interessant utvikling, seier avdelingsdirektør Lena Holm Berndtsson i ­Bufetat ­region aust.

Les mer om mer disse temaene:

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen er journalist i nyhetsavdelingen i Vårt Land.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter