Nyheter

Moské med makt

Moskeen Saudi-Arabia fekk i Brussel blir skulda for å vere sentral i radikaliseringa av unge.

I 1967 gjorde Belgias kong Baudoin ein avtale med Saudi-­
Arabias kong Faisal, som var på Europa-besøk: I byte mot billeg olje til Belgia, skulle Saudi-Arabia få leige ein pavil­jong sentralt i Brussel i 99 år.
 Paviljongen blei pussa opp med saudiske midlar, og blei opna som eit islamsk kultursenter i 1978. I dag er senteret ein av dei største og mektigaste­
moskeane i EUs hovudstad.

LES OGSÅ: Tysklands visekansler advarer mot Saudi-Arabias finansiering av moskeer

«Tilfluktsstad»

Stormoskeen
er finansiert av Muslim World League, som igjen får brorparten av pengane frå saudiske styresmakter, melder Deutsche Welle, Tysklands internasjonale kringkastar. Dw.com fortel at ikkje berre fekk saudiarane hus, dei fekk også sende lærarar til senteret som underviste imamane, som i neste runde underviste­ dei store muslimske folkegruppene som slo seg ned rundt Brussel, marokkanarar,­ tyrkarar, egyptarar og libyarar.

Få dagar før terroråtaka i Paris, skreiv franske Libéra­tion at «i 30 år har stormoskeen i Brussel vore ein tilfluktsstad for salafistar, og tilbyr god jord slik at deira nettverk kan vekse».

Salafisme legg vekt på å vende tilbake til ei bokstaveleg tolking av islamske grunnlagstekster, som Koranen, og ønskjer å «reinske» islamsk tru og praksis for det som blir vurdert som «ikkje-islamske» element. I Norge er dei som kallar seg Profetens Ummah for salafistar å rekne.

Følg oss på Facebook og Twitter!

Avviser

Fleire av dei som deltok i terroråtaka i Paris i november, kom frå Brussel-bydelen Molenbeek, ein bydel der mange er immigrantar frå muslimske land.

Abdelhai Sewif, sjefimam i stormoskeen i Brussel, avviser alle skuldingar om at det går spor frå Paris-terroren til moskeen.

– Han har ikkje noko å gjere­ med terror, lik den i Paris, seier­ Sewif til dw.com.

Les mer om mer disse temaene:

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen er journalist i nyhetsavdelingen i Vårt Land.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter