Nyheter

Mellomkyrkjeleg Råd krev stopp i pengegåver til Vestbreidda

Mellomkyrkjeleg Råd er opprørt over at norske Israels-vener får samle inn millionar til ulovlege, israelske busetjingar på Vestbreidda. Regjeringa må handle, krev rådet.

– Karmel-Instituttet støttar opp om Israels brot på folkeretten. Difor må pengegåvene bli stoppa, seier generalsekretær Berit Hagen Agøy i Mellomkyrkjeleg Råd (MKR) til Vårt Land.

John Skåland, styreleiar i Karmel-Instituttet, kontrar hardt tilbake:

– Dette er komplett galskap. Her går Mellomkyrkjeleg Råd til angrep på kristne som står for noko, som trur på ei sak.

LES MEIR Gjev éin million til ulovlege busetjingar

Byggjestopp

Vesle julaftan fatta FN eit historisk vedtak. For første gong sidan 1979 vedtok Tryggingsrådet ein resolusjon som fordømte Israels busetjingspolitikk.

Resolusjonen som kravde byggjestopp i dei ulovlege, israelske busetjingane på Vestbreidda, blei startskotet til ei uvanleg pengeinnsamling i Norge, fortalde Vårt Land laurdag.

På fire månader samla den vesle kristne organisasjonen Karmel-Instituttet inn éin million kroner til bygging av tre hus i tre israelske busetjingar på Vestbreidda. Alonei Shilo har Karmel-Instituttet støtte med pengegåver i vel 20 år.

Både FN og skiftande norske regjeringar er samde: Busetjingane er ulovlege då dei er bygde på okkupert land. Denne veka er det 50 år sidan Seksdagarskrigen. Vestbreidda er mellom områda som Israel okkuperte i 1967.

Ulovlege

Gåvene frå Israels-vener i Norge til nybyggjarar på Vestbreidda provoserer Mellomkyrkjeleg Råd. På eiga Facebook-side skriv generalsekretær Berit Hagen Agøy at Solberg-regjeringa må gripe inn og stoppe pengestraumen:

«Vårt Land melder at Karmelinstituttet har samlet inn 1 mill. kr for å bygge hus i en israelsk bosetning. Dette er totalt uakseptabelt!

Bosetningene er ulovlige. Hva gjør norske myndigheter med at norske borgere bidrar til brudd på internasjonal rett? For en tid siden mistet man muligheten til å trekke gaver til Karmelinstituttet fra på skatten, med den begrunnelse at Karmelinstituttet bidro til bygging av ulovlige israelske bosetninger. Dersom regjeringen vil være forpliktet på internasjonal rett og moralsk ansvarlige, må de reagere nå.»

Folkeretten

Saka MKR-generalen viser til går tilbake til 2012. Då kasta Finansdepartementet, med støtte frå Utanriksdepartementet, ut organisasjonen frå gåvefrådragsordninga. Organisasjonen sendte pengar til ulovlege busetjingar, og dermed braut Karmel-Instituttet folkeretten, slo departementet fast.

I eit brev til Stortinget forklarte dåverande finansminister Sigbjørn Johnsen (Ap) kvifor gjevarane til Karmel-Instituttet ikkje fekk trekkje gåvene frå på skatten:

«(...) vi vil unngå at gavefradragsordningen tilgodeser organisasjoner som aktivt støtter eller medvirker til handlinger som er i strid med folkeretten.»

Gåver

Bakgrunnen for utkastinga var ein klage frå Fellesforbundet og Norsk Folkehjelp. Dei ville ha Karmel-Instituttet ut organisasjonen fordi han støtta ­israelske busetjingar på okkupert område med skattefrie gåver.

I åra 2010-2012 sende norske Israels-vener 1,8 millionar kroner til busetjinga Alonei Shilo på Vestbreidda, via Karmel-Instituttet - og trekte summen frå på skatten. Men utkastinga i 2012 motiverte gjevarane til å opne lommebøkene. På to år samla Karmel-Instituttet inn 1,5 millionar kroner til nybyggjarane.

LES MEIR Norskstøtta busetjing skal rivast

Tolking

Mellomkyrkjeleg Råd ristar også i Karmel-Instituttets teologi:

«Å bruke bibeltekster som begrunnelse for å støtte bygging av israelske bosetninger på Vestbredden, er misbruk av Bibelen for å oppnå politisk og økonomisk makt. Rett fortolkning av Bibelen må med nødvendighet føre til arbeid for rettferdighet og fred. Bibelen kan ikke brukes for å frata vår nestes menneskeverd og likeverd», skriv generalsekretær Hagen Agøy.

Styreleiar Skåland forstår ikkje kritikken:

– I denne saka er det Mellomkyrkjeleg Råd som har forlate Bibelens ord.

Frykt

Utanriksdepartementet hadde i går ikkje høve til å kommentere MKRs krav om å stoppe pengegåvene til israelske nybyggjarar Vestbreidda.

– Fryktar du at regjeringa vil prøve å stoppe innsamlingane, Skåland?

– Nei. Det vil dei aldri klare.

Les mer om mer disse temaene:

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen er journalist i nyhetsavdelingen i Vårt Land.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter