Nyheter

Melania Trump æra paven med slør

Men droppa sløret i Saudi-Arabia.

Bilde 1 av 2

Melania Trump, USAs førstedame, gjer skilnad på statsleiarar. Under besøket i Vatikanet onsdag etterkom ho den strame katolske protokollen i miniputtstaten:

Svart slør på hovudet, svarte klede – med lange armar og avdempa smykkebruk.

Katolikkar i kvitt

Avisa La Stampa skriv at berre katolske dronningar og ektefellar til statsleiarar som også er katolikkar har høve til å gå i kvitt når dei møter overhovudet i Den katolske kyrkja, i Vatikanet

Valet av slør i Vatikanet står i kontrast til valet Trump gjorde under besøket i Riyad, hovudstaden i Saudi-Arabia.

Kongedømmet, som blir styrt av familien Saud med brutal hand, har lover som krev at alle kvinner må bere slør.

LES MER: Trumps sverdslag for autokrati

Førstedamer utan slør

Men Melania Trump er ikkje åleine om å oversjå det saudiske tekstilkravet. Ei rekkje amerikanske førstedamer har droppa sløret under besøk i Saudi-Arabia, Michelle Obama, Hillary Clinton og Laura Bush. Heller ikkje Storbritannias statsminister Theresa May eller Tysklands kanslar Angela Merkel har funne det turvande å gå med slør.

Under Trump-besøket i Vatikanet gjekk også Donald Trumps dotter Ivanka Trump med slør. Det gjorde ho ikkje i Saudi-Arabia – der president Trumps første utanlandstur starta.

Les mer om mer disse temaene:

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen er journalist i nyhetsavdelingen i Vårt Land.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter