Nyheter

Meiner kyrkja bryr seg meir om tiggarar enn fattige born

Ein redaktør i Drammens Tidende hyllar idrettens engasjement, og etterlyser kyrkja. Useriøst, svarar prost.

For nokre dagar sidan skreiv samfunnsredaktør i Drammens Tidende (DT), Odd Myklebust, ein leiar der han spurte: Kvifor bryr Den norske kyrkja seg meir om 30 tilreisande tiggarar enn 3.000 fattige born?

Spørsmålet spring ut av debatten som har gått i Drammen over lengre tid, ifølgje Myklebust.

– Det har akkurat kome ei levekårsundersøking, som viser at talet på fattige born i Drammen er fordobla på fire år. Samtidig har vi hatt ein lang debatt lokalt om tiggarane, og der har kyrkja vore veldig sentral. Det var til og med tema under prost Øystein Magelssens julepreike, seier Myklebust.

I leiaren hylla redaktøren idrettens engasjement for vanskelegstilte born, og etterlyste samtidig engasjement frå kyrkja. Myklebust seier han skreiv leiaren for å provosere litt.

Følg oss på Facebook og Twitter!

– Konstruert konflikt

Ein av dei som reagerte var Drammen-prost Øystein Magelssen. Han synest leiaren var tullete.

– Først og fremst tykkjer eg det er ei konstruert og feilaktig framstilling. Samtidig er det veldig pussig å framstille det som at det er ei slags konflikt mellom det idretten representerer for denne målgruppa, og det arbeidet kyrkja gjer, seier han.

Prosten meiner Drammens Tidende har konstruert ei konflikt.

– Dei framstiller det som at tiggarane er dei einaste vi bryr oss om. Det er ganske useriøst. Samtidig bagatelliserar han romfolkets behov, meiner prosten.

LES OGSÅ: Fjern ekstrem fattigdom før 2030

– Viktig debatt, feil vinkling

Magelssen fortel at kyrkja har sett i gang mange tiltak i Drammen dei siste åra. Til dømes driv Kirkens bymisjon og Drammens prosti aksjonen «Gi det vidare», som er ein formidlingssentral for kle og idrettsutstyr. I tillegg har mange kyrkjelydar lagt til rette for gratis leksehjelp og middagservering til dei som treng det.

I leiaren skreiv Myklebust at han er klar over at kyrkja har fleire aktivitetar for born og unge, men at ein sjeldan høyrer om det.

– Kunne de vore flinkare til å synleggjere det dykk gjer, Magelssen?

– Det trur eg heilt sikkert. Vi kunne også vore flinkare til å ta den sosiale og etiske utfordringa på alvor. Vi har ingen grunn til å tenke at vi gjer alt vi kan, seier prosten.

– Sånn sett set leiaren i DT fokus på ei kjempeviktig, diakonal oppgåve, for kyrkja og for samfunnet. Det er det positive med at det blir gitt spalteplass. Men vinklinga er feilslått.

LES OGSÅ: Pirkar i ubehaget ved fattigdom

Usynleg fattigdom

Redaktør Myklebust har ein teori om at kyrkja er vant til å definere fattigdom utifrå det som er synleg, medan mykje av fattigdomen i Drammen er skjult. Den er vanskeleg å få tak på gjennom korsang, trur han.

Det er ei heilt feil analyse, meiner Magelssen.

– Er det nokon som kjenner det usynlege Drammen, så er det kyrkja, som er meir opptatt av det som er bak fasaden. Kirkens bymisjon og kyrkjas kyrkjelydar er på innsida på menneskes liv kvar einaste dag. Så den framstillinga kjenner eg meg ikkje igjen i.

Les mer om mer disse temaene:

Anita Grønningsæter Digernes

Anita Grønningsæter Digernes

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter