Nyheter

Matmangel rammar 150.000 nordmenn

Drygt 150.000 menneske i Norge har opplevd ikkje å ha nok mat det siste året.

Snart skal nordmenn benke seg ved juleborda, og lange innpå store mengder pinnekjøt, ribbe og lutefisk. Så kjem sjølve høgtida, som er ein av årets verkeleg store matfestar.

Men langt frå alt som er tenkt som menneskeføde, blir ete opp. Vi kastar godt over 350.000 tonn fullgod føde. Matindustrien kastar, akkurat som daglegvarehandelen og forbrukarane.

Svoltne

Likevel er mat mangelvare i Norge.

Det finst folk og familiar i Norge som korkje har nok mat til å dekke matbordet eller til å smøre matpakker til barna:

Om lag 150.000 menneske i Norge har opplevd ikkje å ha nok mat det siste året; vel tre prosent av befolkninga seier dei «ofte eller nokre gonger» har mangla mat.

Det avdekkjer ein studie om matfattigdom gjennomført av Forbruksforskingsinstituttet SIFO ved Høgskolen i Oslo og Akershus (HiOA).

Unge

– Unge menneske utan fast inntekt er mest utsette for å bli ramma av alvorleg matmangel, fortel SIFO-forskar Silje Elisabeth Skuland som står bak undersøkinga.

I denne gruppa finn ein både unge som er på veg inn i arbeidslivet, og dei som er på veg over på trygd. Aller mest utsette er arbeidssøkjarar, heimeverande, deltidstilsette og studentar med ustabil inntekt.

Undersøkinga seier ikkje noko om kor ofte folk opplever alvorleg matmangel, men Skuland meiner det kan spenne frå ganske ofte til dagane før neste lønning.

Ho understrekar at det er når inntekta blir ustabil eller uteblir, at matproblema dukkar opp. Grunnen er ikkje nødvendigvis låg inntekt, for mange nordmenn sit på store verdiar og opplever likevel matutryggleik, men låg inntekt er ofte årsaka.

LES MEIR: Opnar fleire matsentralar 

Nøysame

SIFO-forskaren seier undersøkinga gav henne to overraskande funn:

– Eldre trygda er ikkje utsette for alvorleg matmangel. Dei har lært seg å disponere trygda slik at pengane strekkjer til. Men det er slett ikkje sikkert dei har eit sunt kosthald, for vi veit at dei billegaste matvarene inneheld mykje salt, sukker og umetta feitt.

– Det andre som overraska var at talet på nordmenn som rapporterer alvorleg matmangel, er stabilt, og det sjølv om Statistisk sentralbyrå melder at låginntektsgruppa vaks i åra 2012-2017.

LES MEIR: Svinnet skal bli halvert 

Matkø

På Fattighuset i Oslo møter styreleiar Sverre Rusten fleire av dei treprosentane som strevar med å ete seg mette.

– Vi deler ut mat på onsdagar og fredagar, og då er køen utanfor så lang at vi må operere med kølappar.

Fattighuset, som er ei foreining, får mat frå faste daglegvarebutikkar, og held til i Oslo aust.

– Blant dei som kjem hit for å få mat, er det folk i alle aldrar. Men i og med at vi held hus på Grønland, er det mange innvandrarar som søkjer mathjelp hjå oss, fortel Rusten.

Levekår

Statistisk sentralbyrå la i går fram funn frå Levekårsundersøkinga blant personar med innvandrarbakgrunn. Denne avdekkjer at innvandrarar har dårlegare levekår enn befolkninga sett under eitt på område som sysselsetjing, arbeidsforhold, bustandard, økonomi, helse og sosial kontakt.

Sparar

Medan tre prosent svarar at dei har opplevd ikkje å ha nok mat det siste året, svarar heile 40 prosent at dei i løpet av det siste året har kutta på matbudsjettet og kjøpt billegare mat for å få råd til andre ting.

– Lån, husleige, straum, alt dette er fast utgifter som er vanskelege å kutte. Men ein kan ta ned matutgiftene om ein vil spare pengar til ferie eller kjøp av dyre gjenstandar, fortel SIFO-forskar Silje Elisabeth Skuland.

Les mer om mer disse temaene:

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen er journalist i nyhetsavdelingen i Vårt Land.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter