Nyheter

Må søkje NAV-støtte til gravferdene

NAV har brukt 339 millionar kroner dei siste fem åra på gravferdene til nesten 18.500 menn og kvinner. Kommune opplever at familie ikkje vil ta ansvar for gravferd.

I møte med døden tel nokre kronene. Fleire fordi dei må; dei har for lite, sjølv etter eit langt liv i eit av verdas rikaste land. Andre vil ikkje betale ei einaste krone for å få familiemedlemmen i grava.

Tom Budalen er ein røynd gravferdsagent. Han har ordna denne siste ferda i 30 år. I mang ein samtale med pårørande om gravferda har han oppfatta dei små orda som fortel at han på nytt må ordne ei statleg teneste.

Søkje NAV om å få offentleg, behovsprøvd støtte til gravferda.

– Mange er svært takksame for at vi hjelper dei med å søkje gravferdsstønad, 22.723 kroner frå NAV er kjærkomne kroner, fortel Budalen.

«Vi» er han og kona Kristin Lian. Saman eig og driv dei gravferdsbyrået M. Jacobsen i Oslo.

– Er 22.723 kroner frå NAV nok til å dekkje utgiftene til ei gravferd?

Tom Budalen grunnar på spørsmålet. Tenkjer over kva som må med.

– Ja.

– Kva kostar ei gravferd, organisert av dykk, i snitt?

– Rundt 40.000 kroner.

– Kven er dei som må be staten om gravferdsstøtte?

– Vi hjelper nok mange sosialklientar, vi held jo til i Oslo aust. Men vi snakkar også om vanlege lønsmottakarar, som har null i formue.

Fem år

«Gravferdsstønaden blir behovsprøvd. Det kan gjevast opptil 22.723 kroner til å dekkje faktiske og nødvendige utgifter til gravferda», skriv NAV på heimesida.

Vårt Land har henta ut tal frå NAV som fortel i kva omfang stønaden er brukt dei siste fem åra:

• 26.700 søkte behovsprøvd stønad i åra 2012-2016.

• 18.469 fekk gravferdsstønad.

• Samla betalte NAV ut 339 millionar kroner.

– I 2016 innvilga vi 71,2 prosent av denne typen søknad, fortel seniorrådgjevar Lise Jørenn Grøndahl Berg i NAV.

Ofte er det ektefellen som mottek stønaden, dersom avdøde var gift. Elles er det gjerne næraste pårørande, vanlegvis barn til avdøde.

Sparer pengar

Fram til 2003 fekk alle 4.000 kroner frå staten for å dekkje utgifter til gravferd. Ordninga med behovsprøving blei innført av Bondevik II. For å spare pengar.

2003-budsjettet viste at fjerning av universell gravferdsstøtte gav ei innsparing på 160 millionar kroner, medan det kosta 10 millionar å innføre behovsprøving. I fjor brukte NAV 63,4 millionar på behovsprøvd gravferdsstønad.

Frp snudde

Framstegspartiet lova i opposisjon å auke stønadssummen. Som leiar i Stortingets arbeids- og sosialkomité sa Robert Eriksson (Frp) i 2013, til VG, at stønaden burde aukast monaleg, opp til 30.000 kroner.

Eitt år seinare var han arbeidsminister i Solberg-regjeringa. Då var de uråd å auke nivået, for det tillet ikkje det blåblå statsbudsjettet.

Nektar å ta ansvar

Men det er ikkje alltid at summen er hinderet. Nokre gonger manglar viljen.

Kvart år må Gravferdsetaten i Oslo kommune administrere såkalla kommunale gravferder. Dette er gravferder der avdøde ikkje har pårørande som kan ta ansvar for å få gravlagt den døde. Då går etaten inn og får den døde i vigsla jord. Dei siste fem åra har Oslo totalt hadde 445 kommunale gravferder.

– Men alle desse handlar ikkje om mangel på pårørande, fortel etatsdirektør Stein Olav Hohle.

– Vi har tilfelle der avdøde har pengar på bok, ja, opptil millionar, men der absolutt ingen i familien vil ta ansvaret for gravferda. Då blir det kommunal gravferd, seier Hohle.

– Kvifor, er det snakk om sterkt svekka eller brotne relasjonar?

– Det vil eg ikkje spekulere i.

Nettokostnaden for kommunale gravferder ligg i snitt godt over summen NAV kan yte. Gravferdene blir dekt anten gjennom buet til avdøde eller ein behovsprøvd stønad frå NAV.

Verdig avskil

Formålet med stønaden er å sikre at pårørande med låg betalingsevne kan gje avdøde ei verdig gravferd.

Er 22.723 kroner frå NAV verkeleg nok til å dekkje utgiftene til ei gravferd, Budalen?

Gravferdsveteranen er sikker.

– Ja, dei får ei verdig gravferd for det staten yter.

Les mer om mer disse temaene:

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen er journalist i nyhetsavdelingen i Vårt Land.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter