Nyheter

Løyver 2,35 millionar – forlengar presteordning

Oslos sjukeheimar skal ha eigne prestar fram til 1. juli 2017. Byrådet løyver 2,35 millionar kroner.

– Vi har ikkje lagt sjukeheimsprestane i Oslo ut på anbod, kontrar Mette Kolsrud (SV), byrådssekretær for eldrebyråd Inga Marte Thorkildsen (SV).

Ho understrekar at det som kjem er ei tilskotordning til kyrkje- og trussamfunn som vil levere livssynstenester til eldre som bur på sjukeheim.

LES MEIR: Løyver 4,7 millionar til livssynsarbeid

Forlengar

Kolsrud opplyser at ho hadde eit møte med Oslo bispedømmeråd måndag der dei samtalte om vegen vidare. I etterkant av møtet har byrådet avgjort at omlegginga av livssynstenesta i Oslo kommune likevel ikkje blir effektuert ved nyttår.

– Byrådet forlengar dagens ordning med eigne sjukeheimsprestar ut første halvår 2017. Vi skal bruke tida fram til omlegginga saman med kyrkje- og trussamfunn til å utforme den nye tilskotsordninga, forklarar Kolsrud.

Løyving

I 2017 løyver det raudgrøne byrådet 4,7 millionar kroner til «(...) samtaler om åndelige og eksistensielle spørsmål for beboere i langtidshjem.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter