Nyheter

Lærar fekk bot for kristendomskritikk

Klistra valdelege bibelvers på bilen.

Tyske Albert Voss vil vise fram den sida av Bibelen som få talar om; dei harde og krasse versa – dei som ikkje talar om kjærleik og tilgjeving.

Difor lagar han eigne klistremerke til bilen. På ein av bakrutebodskapane siterte Voss Salme 137, vers 9:

«Sæl er den som grip dine born og knuser dei mot berget.»

Voss fortel at medbilistar har stoppa han i trafikken og spurt om sitata han har i bakruta verkeleg står i Bibelen.

LES MEIR – Bibelen er så å si fri for humor

Opprørt

Han forklarar aksjonen slik:

– Eg orka ikkje dette hykleriet meir. Nokon må opplyse folk om alle dei andre tinga som også står i Bibelen, seier Voss til Humanistischer Pressedienst.

Den pensjonerte læraren er særlig opprørt over dei mange forkynnande bibelsitata bilistar kjører rundt med, fortel Fritanke.no.

LES MEIR: «Slik kan religiøs lidenskap bli farlig»

Bøtlagt

Bibelprosjektet til Voss har også provosert borgarar i Münster, heimbyen til Voss. Ein melde han til politiet, og saka kom opp for ein domstol.

Dommen lyder på 500 euro i bot for å ha «fornærma kristendommen», fortel Westdeutscher Rundfunk (WDR). Domstolen meiner Voss´bakrutetekstar ikkje er kunst, men blasfemi.

Blasfemi er bere forbode i Tyskland dersom retten finn meiner ytringane vil forstyrre allmenn ro og orden. Retten konkluderte med at det hadde skjedd i dette tilfellet, skriv Fritanke.no.

Humanistischer Pressedienst melder at Albert Voss truleg vil anke dommen.

Les mer om mer disse temaene:

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen er journalist i nyhetsavdelingen i Vårt Land.

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter