Nyheter

Lengsel og gode møter

Lengsel er ei sterk kraft. I dagens bibelord møter vi den etiopiske hoffmannen som lengtar etter Gud, skriv Ellen Nordtun.

Lengselen fører han ut på ei lang reise til Jerusalem. Apostelgjerningane skildrar møtet hans med evangelisten Filip, som har fått beskjed frå ein engel om å reisa til ein aude stad langs vegen til Gasa, der dette møtet skjer.

Vi veit ikkje mykje om han, men kan førestilla oss at han bar på ein sterk lengsel etter Gud, ein lengsel etter å oppleve fellesskap og ein nær Gud.

Noko av det fine med denne historia er at Gud ser den som lengtar og søkjer Han.

Dagens tekst skildrar då Filip, driven av Den heilage ande, går inntil vogna der den etiopiske hoffmannen sat. Han leste høgt frå profeten Jesaja, slik rabbinarane hadde formana folk at dei skulle gjera. Dei meinte det ikkje sømte seg å mumla Guds ord eller lesa stilt. Derfor kunne også Filip høyra kva som blei lest. For den etiopiske hoffmannen var Bibelen ei lukka bok, han forstod ikkje det han leste.

Nei, det var ikkje så lett å skjøne – ord frå ei heilag skrift, om eit lam som vert ført bort for å slaktast, som ikkje gjorde motstand, men som let det skje.

Han leste frå Jesaja 53,7 og profetien om korleis Jesus skulle døy. Filip hjelpte den etiopiske hoffmannen til å skjøne kva han les. Han forklarer hoffmannen om lammet: Det er Jesus; Han som døyde for å ta alle våre synder på seg. Filip sette ord på hoffmannens sin lengsel etter Gud.

Då hoffmannen hadde høyrt og fått forklart teksten, bad han om at vogna han sat i skulle stoppa. Så steig han ut og let seg døypa i namnet åt Faderen og Sonen og Den heilage ande. Så kunne han gå ut i kvardagen med Gud kjærleik som drivkraft.

Slike respektfulle møter som det mellom Filip og hoffmannen, kan føra oss vidare i livet og i trua. Slike møter har skapingskraft i seg og kan opna nye perspektiv og skapa tru.

Ellen Nordtun er fungerande sokneprest i St. Petri menighet, Stavanger

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter