Nyheter

Kvoteflyktningar takkar nei til å bu i Norge

Flyktningar er valt ut av FN, handplukka av UDI, men vel likevel å takke nei til eit liv i Norge. Frykt for å miste kontakten med storfamilien – og at «barnevernet tek barna», skræmer.

– Vi prøver å betre presentasjonen av Norge slik at dei som blir valt ut, faktisk reiser hit, seier einingsleiar Tonje Øyan i Utlend­ingsdirektoratet (UDI).

For å vere sikker på at dei klar­ar å fylle kvoten, må UDI overbooke når dei vel ut kvoteflyktningar.

– Det er alltid nokre som ikkje vil til Norge likevel. Men vi skal klare å fylle kvoten med 8.000 ekstra kvoteflyktningar innan 
31. desember i år, fortel Øyan.

Krig, vald og forfølging sender fleire menneske ut på flukt enn nokosinne, viser den ferske årsrapporten til FNs høgkommissær for flyktningar (UNHCR). Global Trends report er dyster lesing. Ved utgongen av 2016 var heile 65,6 millionar menneske verda over tvinga på flukt – eller drygt 300.000 fleire enn året før.

LES OGSÅ: Frp lovar stopp i kvoteoppfyllinga

Valt ut

Syria-krigen sender flest på flukt. Sidan borgarkrigen braut i ut i 2011, har 5,7 millionar menneske flykta frå Syria. Ytterlegare 6,3 millionar er drivne ut av heimane og har lagt på flukt inne i Syria.

Storparten av syrarane som har reist ut, sit i flyktningleirar i Tyrkia, Libanon og Jordan. Kvart år vel UNHCR ut dei som skal få status som kvoteflyktningar, og som dermed kan sikrast opphald i eit trygt tredjeland, som oftast i Nord-Amerika eller i Vest-­Europa.

LES OGSÅ: De fire store partiene asylstenger Norge

Auka kvote

Lenge valde Norge­ ut 750-1.500 kvoteflyktningar årleg. Men i 2015 blei stortingsfleirtalet – alle minus Frp og SV – samde om eit kvote­forlik. Medan straumar av syrarar strøymde ut av heimlandet til nabolanda Tyrkia, Libanon og Jordan, sa Norge at vi skal auka kvota av kvoteflyktningar ­monaleg:

8.000 ekstra kvoteflyktningar fordelt over åra 2015, 2016 og 2017.

Innan året går inn i historia skal UDI ha plukka ut dei siste, slik at Norge verkeleg oppfyller stortingsvedtaket frå 2015.

LES OGSÅ: Asylstrømmen til Norge er nå den laveste på 20 år. Samtidig dør flyktninger i hopetall i Middelhavet

Nøye granska

Men direktoratet har ei utfordring:

– Nokre av dei flyktningane som er valt ut til å få reise til Norge­, takkar nei når reise­datoen opprenn, fortel Øyan, som leiar eining for overføringsflyktningar i UDI. Kor mange det er snakk om, fører ikkje direktoratet statistikk over.

Medan asylsøkjarar flest tek seg til Norge på eiga hand – og dermed dekkjer kostnadane sjølve, er det Norge som ber utgiftene med å velje ut kvoteflyktningane. Kvart år reiser UDI ut til landa som er plukka ut og kjør­er grundige intervjurundar for å finne fram til dei rette.

Dei som kjem gjennom det tronge nålauget, får einvegsbillett til Norge, bustad, kurs og opplæring; ei ny framtid i eit trygt land.

LES OGSÅ: Asylkroner blir langsiktig bistand og nødhjelp

Ikkje overtale

Men så skjer det. Avreisedatoen frå flyktning­leiren kjem på kalenderen. Flybillettar skal bestillast. Det er tid for oppbrot.

– Dei seier nei, dei vil ikkje bryte opp. Vi får beskjed frå
UNHCR om at dei har trekt seg, fortel Øyan i UDI.

– Kva gjer de då?

– Vi ber Høgkommissæren gå ein ekstra runde med dei, og syte for at flyktningane tek eit informert val. Men er svaret nei, «vi vil ikkje», så aksepterer vi det. Ingen skal bli overtala til å kome til Norge. Vi ser at oppbrot er ei avgjerd som sit langt inne, og det er ei tung avgjerd å ta.

UDI ser at årsakene til at kvote­flyktningar takkar nei til Norge, er samansette. Mange ­syrarar er vant med å bu saman med storfamilien; foreldre, søsken og besteforeldre, forklarar Øyan. Også i flyktningleirane i Jordan og Libanon bur stor­familien saman.

– Så kjem dagen dei skal reise til Norge. Då går det opp for fleire at dei skal reise vidare – utan storfamilien, til eit land langt unna. Dette maktar dei ikkje, og takkar nei.

LES OGSÅ: Styrkjer hjelpa til menneskehandeloffer

«Myter»

Men det er også dei som går på nettet for å finne ut meir om Norge, som blir skræmde av det dei finn – informasjon UDI kallar «myter», eller «desinformasjon»:

– Flyktningane les at i Norge stel barnevernet barn til minoritetsforeldre, eller at barn må symje nakne når skulen driv symjeopplæring. Norge står dermed fram som eit land dei absolutt ikkje vil reise til.

– Kva gjer UDI for å knuse desse­ mytane?

– Vi har laga ein ny informasjonsfilm der vi presenterer Norge, norsk kultur og norsk samfunnsliv, og vi brukar syrarar som les kommentarane på filmen.

– Dermed kjem presentasjonen endå nærmare dei syrarane vi intervjuar med tanke på å kome til Norge.

Filmen er nyleg brukt i Libanon, og skal no visast i Tyrkia når UDI skal intervjue nye kvote­flyktningar.

LES OGSÅ: Nordmenn flest er positive til flyktninger

Angrar seg

Nokre av dei flyktningane som takkar nei til Norge­, angrar seg. Etter å ha snakka med landsmenn som har etablert seg på nytt i Norge, finn dei ut at dei likevel vil hit.

– Vi får så spørsmål om dei kan få kome, sjølv om dei takka nei, seier einingsleiar Tonje Øyan.

– Kva gjer de då?

– I nokre tilfelle opnar vi for eit nytt intervju for å avklare at dei verkeleg vil.

Difor kjem det kvoteflyktningar til Norge som først sa nei, så ja.

Les mer om mer disse temaene:

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen er journalist i nyhetsavdelingen i Vårt Land.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

1

Annonse
Annonse

Mer fra: Nyheter