Nyheter

Kritisk til nytt KRLE-fag

I skissa til det som skal bli ny læreplan i KRLE, er ikkje kristendomen nemnt. – Elevar må lære Vår Far, meiner direktør ved Kirkelig pedagogisk senter (IKO).

– Om ein ser det i lys av diskusjonen som har vore rundt K-en i KRLE, så kan ein nok seie det er oppsiktsvekkande at vi ikkje seier eit ord om kristendomen, seier Geir Skeie, professor i religion ved Universitetet i Stavanger.

Han er leiar for ei gruppe som Utdanningsdirektoratet har sett ned, som skal utvikle sokalla kjerneelement i KRLE-faget (sjå faktaboks). Desse elementa skal igjen legge føringar for læreplanen, som skal skrivast neste år og som vil tre i kraft i år 2020.

I den foreløpige skissa, er ikkje kristendomen eller nokon annan religion nemnt eksplisitt.

– Vi forsøker ikkje å gå til krig mot K-en, men vi tek den til etterretning. Vi vil arbeide med kristendomen på same måte som vi jobbar med dei andre religionane, seier Skeie.

LES MEIR: Reagerer sterkt på skissen 

Nasjonal kulturarv

Til no har kjerneelementa i faget vore på høyring to gongar, og mellom andre Kirkelig pedagogisk senter (IKO) har nytta høvet til å kome med innspel.

I dagens skisse for KRLE-faget står det: «Vi ønsker å fokusere på at det ikke er kunnskapen for kunnskapens egen del som er sentral, men hvordan den gir oss en større forståelse for sammenhenger.»

Dette meiner IKO-direktør Marianne Uri Øverland kan vere problematisk. Ho tykkjer det er viktig at elevane har kjennskap til kulturelt sentrale tekstar og praksisar for å forstå den nasjonale kulturarven.

I høyringsinnspelet nemner ho Vår Far som døme på noko elevar bør lære i KRLE, fordi det er «et kulturelt sentralt uttrykk».

– I tillegg er det er viktig å kunne noko om bøn og kva det er, meiner ho.

LES OGSÅ: Nederlag for leiinga – Ap går inn for å fjerne K-en

LES OGSÅ: Skam kan gi innsikt som KRLE-faget slit med å formidle

Ny retning

Professor Geir Skeie forstår godt innspela til Øverland. Kor stor plass kulturarv skal ha i faget, er vanskeleg å finne ut av, seier han.

– Nasjonal kulturarv blir behandla både som ein etablert storleik, men òg som eit fenomen som er i endring.

Skeie tenker det i KRLE-faget ville vere naturleg å sjå på kva det inneber at ein religion er kulturarv. Han og resten av arbeidsgruppa ynskjer å vri KRLE-fagets profil i ei anna retning enn tidlegare.

– Det skal vere eit undersøkande, utforskande fag som elevane skal gjere seg kjende med og diskutere. Før har faget kanskje vore prega av at der er etablert ein kunnskapsbank som ein skal tileigne seg.

– Kvifor denne nye retninga?

– Det er ein tendens i mange fag i skulen at ein er mindre oppteken av bestemt kunnskap. Men det betyr ikkje at elevane skal byrja å synse om alt, ein må sjølvsagt vite kva ein snakkar om.

Skeie innrømmer at det kan bli vanskeleg å få til ein perfekt balanse.

LES OGSÅ: Angrip uforståelege lærebøker

Sekulært hegemoni

IKO uttrykker også bekymring for at kritisk tenking skal ta for stor plass i KRLE-faget.

– Kritikk er viktig, men det kan ikkje vere berre det. Det kan gjere det vanskeleg for elevar som er aktivt utøvande religiøse dersom dei stadig må kome i forsvarsposisjon, meiner IKO-direktøren.

Skeie er einig. Han understrekar at det er svært viktig for han og resten av arbeidsgruppa at både religiøse og ikkje-religiøse elevar skal kjenne at det er plass til dei. Mykje tyder på at det ikkje er slik i dag, ifølgje Skeie.

– Ofte kjenner ikkje religiøse elevar at det er interessant å delta i diskusjonar, fordi dei blir latterleggjort. Det er veldig uheldig at vi får eit slags sekulært hegemoni i klasseromma, meiner han.

Arbeidsgruppa har ikkje tenkt på kritisk tenking i negativ forstand, ifølgje Skeie.

– Vi ynskjer berre at elevane skal øve opp evner til å argumentere for sine synspunkt.

Les mer om mer disse temaene:

Anita Grønningsæter Digernes

Anita Grønningsæter Digernes

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter