Nyheter

Kriminell feiring i raudt og blått

Russ elskar øl, men mange tek seg ikkje råd til lovleg drikke. Tenåringar feirar med billeg smuglarøl. Politiet gjev blaffen, seier Bryggeriforeningen.

Direktør Petter Nome har ei innstendig oppmoding til dei som no kler på seg russedressar:

– Ikkje kjøp alkohol av kriminelle nettverk som smuglar øl til Norge.

Han har også ei helsing til foreldre som blir bydd smuglarøl av ein son eller ei dotter:

– Ta ikkje i mot, nekt å drikk, ber Nome som er sjef i Bryggeri- og Drikkevareforeningen.

LES MEIR Hotellkjede tilbyr frukost til fyllesjuk russ

Løk og øl

7. mars blir eit polskregistrert vogntog stoppa på grensa mellom Sverige og Norge, på Svinesund tollstasjon. Sjåføren hevdar han fraktar løk. Under løken finn tollarane 16.252 liter øl og 4.194 liter brennevin.

– Berre i år har Tollvesenet teke seks slike vogntog på Svinesund, alle fullasta med alkohol, fortel seksjonssjef Wenche Fredriksen på Svinesund tollstasjon – og legg til:

– Vi har ein markant vekst i beslag første kvartal i år.

– Kven organiserer smuglinga av øl, og salet i Norge?

– Kriminelle nettverk som har spesialisert seg på slik smugling og distribusjon.

Fleire nettverk

I ein rapport frå 2014 skriv Kripos at «polakker, litauere, norsk-irakere og svensk-irakere (kurdiske miljøer), dominerer smuglingen av sigaretter, sprit, øl og vin til Norge» - og at «organiserte kriminelle grupper av kosovoalbanere» kan «knyttes til betydelig grensekryssende kriminalitet, blant annet innførsel og salg av alkohol, sigaretter, narkotika og våpen.»

Tap, tap

No startar russefeiringa. Årets kull skal som kulla før feire at 13 års skulegong er over. Direktør Nome i Bryggeriforeningen veit kva mange vel å feire med.

– Smuglarøl.

– Tenåringar vil ha øl, og helst billeg øl. Så når ein boks polsk smuglarøl kostar 15 kroner, eller halvparten av norsk butikkpris, er det svært enkelt for mange å takke ja til smuglarøl som blir bydd fram frå kriminelle netteverk, fortel Nome.

– Kva skal til for å stoppe salet av smuglarøl?

– Her kunne eg ha svart kutt i avgifter, eller retta appellar til russen, men eg trur ikkje eg når fram med bøner om å tenkje på tapte alkoholavgifter for statskassa eller tapte arbeidsplassar i bryggeria, seier Nome.

LES MEIR Dempar drikkepresset

Etterlyser handling

– Kva vel du då, i møte med russ som får tilbod om billeg polsk øl?

– Dette handlar om haldningar. Tenk over kven som står bak og tener pengar på det billege ølet.

– Kva vil du seie om Tollvesenets og politiets innsats for å stoppe smugling og sal?

– Tollvesenet gjer det dei kan. Men når det kjem til politiet, opplever eg at dei gjev blaffen når smuglarølet først har kome inn i Norge.

Mange seljarar

På Majorstuen politistasjon i Oslo sit politioverbetjent Anne Merete Ansok. Ho leiar Ungdomsavsnittet.

– Eg kan forstå frustrasjonen til bryggeridirektøren. Men det er naturlegvis ikkje slik at politiet gjev blaffen i ølsmugling.

Ansok seier ho ikkje kan svare for politiets samla innsats mot alhoholsmugling, men fortel at hennar politistasjon driv eit aktivt oppsøkjande og førebyggjande arbeid i møte med ungdom, russ inkludert.

– Vi ser at det kjem store mengder alkohol inn over grensa, vi ser at mykje øl finn vegen til russen. Det er eit paradoks at mange russ brukar store summar på russebussen, men vel å spare pengar ved å kjøpe smuglarøl, seier Ansok.

Politileiaren stadfestar bildet til Tollvesenet og Bryggeriforeningen:

– Det er mange tilbydarar – og det er snakk om tung, alvorleg kriminalitet.

Jaktar «ølmannen»

– Kvifor kjøper russ smuglarøl?

– Unge tek ikkje alltid rasjonelle val når det gjeld rus. Dei ønskjer billeg øl, og får det.

– Kva seier de i møte med russ som drikk smuglarøl?

– Vi jobbar med haldningar, vi prøver å få dempa etterspurnaden, vi prøver å få dei til å vere kritiske til tilbydrarane, vi fortel at dei ved å kjøpe opprettheld tung kriminalitet. Vi oppsøkjer også russetreff der vi veit at «ølmannen» er i nærleiken og byr fram øl i rullande utsal, og vi pågrip dei distributørane vi avdekkjer.

Drikk meir

Politioverbetjent Anne Merete Ansok seier at to trekk pregar alkoholkonsumet til russen:

– Den store gruppa drikk mindre. Men den harde kjernen startar russefeiringa tidlegare og tidlegare og drikk meir – dei tek han heilt ut i russetida.

3. april kjører eit polskregistrert vogntog inn på tollstasjonen på Svinesund. Det blir stoppa og skanna. Lastepapira fortel at det er bildekk i traileren. Tollarane finn 21.924 liter øl og 495 liter brennevin.

Les mer om mer disse temaene:

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen er journalist i nyhetsavdelingen i Vårt Land.

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter