Nyheter

KrF-politikar omkom i fallulukke

Solveig Håtveit Markegård, KrFs toppkandidat i Hol kommune, døydde etter ei ulukke i Hallingskarvet søndag. Kollegaene avlyser valkampen.

Det var avisa Hallingdølen som først omtalte saka.

53-åringen vart meldt sakna på søndag etter ein fottur mellom Miljosnoten og Vesterheim. Søndag kveld vart ho funnen omkoma i bratt terreng.

Ifølgje Røde Kors skal Markegård ha sklidd på hard snø i rundt 200 meter.

– Ho omkom momentant i botn av terrenget, seier Røde Kors-leiar Jan Arne Øen til lokalavisa.

Prega lokalsamfunn

Måndag vart det flagga på halv stong i Hol og andre stadar i kommunen.

– Solveig Håtveit Markegård var ein sentral person i Hol. Ikkje berre sat ho i kommunestyret, men også i formannskapet, seier ordførar Tony A. Kjøl (H) til Hallingdølen.

Ordføraren skildrar politikarkollegaen som tøff.

– Ho var ein av dei mest engasjerte me hadde. Ho var tøff, uavhengig om ho ofte stod aleine i saker. Ho var ein betydeleg person i kommunestyret.

Stoppar valkampen

Ordføraren har vore i kontakt med alle partia i kommunene, og saman har dei kome fram til at dei vil avblåse valkampen lokalt. Det betyr, ifølgje Hallingdølen, at partia avlyser alle planlagde arrangement.

Les mer om mer disse temaene:

Anita Grønningsæter Digernes

Anita Grønningsæter Digernes

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter