Nyheter

KrF mangla 130 røyster – De Kristne fekk 514

KrF-profilen Line Henriette Hjemdal mangla 130 røyster på å bli attvalt. Partiet De Kristne fekk 514 røyster i Østfold.

Fire KrF-representantar blei brutalt sendt heim av veljarane. Hans Olav Syversen, Line Henriette Hjemdal, Geir Toskedal og Anders Tyvand fall alle ut av Stortinget.

Katastrofevalet barberte KrFs stortingsgruppe. Fram til måndag var dei ti, no skal Knut Arild Hareide leie ein tropp som tel åtte representantar, inkludert han sjølv.

LES MEIR KrF-gruppe vil skrote Erna-avtale

SV fekk plass

I Østfold var det lite som skilde Hjemdal frå fire nye år på Løvebakken, men til slutt var det unge Freddy Andre Øvstegård frå SV som sikra seg utjamningsmandatet.

Oversikten til Valdirektoratet fortel at vesle Partiet De Kristne (PDK) sanka 514 røyster i Østfold – noko som sikra ei oppslutning på 0,3 prosent. KrF fekk 4,2, eller ned 1,4 ­prosentpoeng.

Rett før valet gjekk tid-­legare statsminister og leiar i KrF, Kjell Magne Bondevik, ut i avisa Dagen og ba kristne om å røyste på KrF, og ikkje PDK.

Søkje jobb

Hans Olav Syversen, som har vore leiar i Stortingets ­finanskomité og KrFs forhandlingsleiar i fleire rundar, må også sjå seg etter ny jobb. Han har hatt fast plass på ­Tinget sidan 2005.

Elles fekk Anders Tyvand frå Vestfold og Geir Toskedal frå Rogaland berre ein periode. Nye i gruppa er Tore ­Storehaug frå Sogn og Fjordane, Torhild Bransdal frå Vest-Agder og Steinar Reiten frå Møre og Romsdal.

Les mer om mer disse temaene:

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen er journalist i nyhetsavdelingen i Vårt Land.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter