Nyheter

Krev milliarderstatning frå Tyskland

Namibia og Tanzania stiller Tyskland til ansvar. Landa krev enorme summar for nedslakting av folkegrupper.

Fortidas synder heimsøkjer Tysklands regjering og Riksdag. I åra fram til første verdskrig, var tyskarane herrar i to afrikanske land; både Tanzania og Namibia var koloniar.

I strevet med å kue herero- og namafolket i Namibia – etter eit opprør, drap tyske, militære styrkar mellom 85.000 og 110.000 menneske i perioden 1904-1908. Samstundes konfiskerte tyske kolonistar enorme landområde - land som i dag er eigd av kvite namibiarar.

Tyskland og Namibia har dei siste ti åra ført samtalar for å kome med ei felles fråsegn om massakrane. Nokre tyske embetsmenn har anerkjent at eit folkemord fann stad, men regjeringa til kanslar Angela Merkel har ikkje kome med ei offisiell fråsegn.

Namibia har også fremje krav om enorme erstatningar – godt over 250 milliardar kroner er nemnd, men Tyskland har nekta å etterkome kravet. Vi betalar ikkje ut erstatningar så lenge vi gjev Namibia bistand, er haldninga i Berlin.

LES OGSÅ: Ja til gransking, nja til sannhetskommisjon 

Høyring

No er Namibias tilmod slutt. Etterkomarar etter nedslakta hereroar og namaar har saktsøkt den gamle kolonimakta. Søksmålet er fremja via ein domstol i New York. USA tillet ikkje-amerikanske borgarar å stille styresmakter til ansvar for brot på folkeretten. Saksøkjarane krev å bli inkluderte i forhandlingane mellom dei to landa, og krev oppreising for «ubotelege skader». 21. juli blir det høyring i ein føderal domstol i New York.

– Det som skjedde med jødane var berre ei vidareutvikling av det som blei gjort mot oss, seier Vekuii Rukoro. Han er overhovud for hereroane i Namibia.

Opprør

Tyskland var like brutale i Tanzania som i Namibia. I åra mellom 1905 og 1908 drap tyske styrkar om lag 70.000 menneske då kolonisten slo ned maji-maji-opprøret.

Tyskarane prøvde å tvinge befolkninga i Tanganyika, som var del av Tysk Aust-Afrika, til å dyrke bomull for eksport. Folket gjorde opprør, men blei slakta ned. Også Tanzania har fremja krav om erstatning. Svart frå Berlin er det same: Avvist. De får tysk bistand. Det er nok.

Les mer om mer disse temaene:

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen er journalist i nyhetsavdelingen i Vårt Land.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter