Nyheter

Kommune tilbyr partinøytral vigsel

Vil SV-par bli vigde av vigslar frå Frp? Vil KrF-ordførarar vie likekjønna? Kommunane bur seg på vigselsstrid. I Setesdal meiner Valle-rådmannen at ho kan sikre partinøytral vigsel.

– Det er viktig at vigsla blir ei fin stund for dei involverte, seier rådmann Aud Sunniva Fuhr.

Kommunane får nye oppgåver 1. januar. Ved årsskiftet blir vigselsretten flytta frå domstolane til ordførarane. Men den fremste lokale folkevalde treng ikkje vie alle som kjem innom rådhuset for å bli rette ektefolk.

Ordføraren og varaordføraren kan delegere vigselsmakta vidare til andre folkevalde. Men også kommunale byråkratar kan få lov til å smi borgarar i hymens lenkjer.

Så no arbeider kommunane på høggir med å finne vigslarar, høvelege lokale og setje opp ein tariff som skal opplyse giftelystne kva det skal koste ekstra å bli vigd utanfor rådhuset og arbeidstida; på ein fjelltopp, ei aude øy eller i parken.

I vegleiinga til kommunal vigsel heiter det at seremonien kan «bli tilpassa med til dømes tekst og musikk» ut over det vislaren les opp – «men merk at det er opp til kommunen å vurdere kva dei vil tillate av ekstra innhald.»

I fjor gifta 7.901 par seg borgarleg medan 8.186 par gifta seg i Den norske kyrkja.

LES MEIR Svært unge jenter blir gift

Utanåt

Men medan lokale og pris er enkelt å løyse, byr det fleire stader på store utfordringar å finne fram til dei rette vigslarane.

I Bergen har fem politikarar fått beskjed om at dei må lære seg ei setning utanåt innan nyttårsrakettane stig til vers:

«Sidan de no med vitne til stades har lova kvarandre å leva saman i ekteskap, sannar eg at de er rette ektefolk.»

Dei fem er ordførar Marte Mjøs Persen (Ap), varaordførar Marita Moltu (KrF) og tre folkevalde frå høvesvis Høgre, Ap og Frp.

Kjensler

Utfordrande løysing, meiner bystyrerepresentant Mikkel Grüner frå SV i Bergen. Han hadde helst sett at ingen blei vigde av ein politikar:

– Dei som skal gifte seg borgarleg må forvente at vigslaren representerer eit politisk parti som meiner noko heilt anna enn dei sjølve. Det kan skape sterke kjensler, seier han til NRK Hordaland.

Grüner etterlyser ei kommunal vigselsordning som sikrar komande ektepar ein vigslar dei ønskjer sjølve:

– Det bør leggjast til rette for at folk i størst mogleg grad får bestemme kven som skal vie dei.

Reservere

I Agder byr vigselsoverføringa på andre utfordringar. Froland-ordførar Ove Gundersen frå KrF ønskjer ikkje sjølv å vie likekjønna par.

– Men som ordførar er det mi plikt å sikre alle innbyggjarar gode tenester. Difor blir vi seks vigslarar i Froland, ordførar, varaordførar og fire til, fortel Gundersen til Vårt Land.

– Så når eit likekjønna par søkjer vigsel, utført av ordførar, sender du oppgåva vidare?

– Ja, i praksis blir det slik.

Velkomne

KrF-ordførar Bjørn A. Ropstad i Evje og Hornnes melde i oktober at han ikkje hadde bestemt seg for om han ønskte å delegere likekjønna vigslar til varaordførar eller andre i kommunen. No er saka avgjort.

– Alle par er velkomne til vigsel på rådhuset i Evje og Hornnes. Eg, varaordførar, rådmann, økonomisjef og eit kommunestyremedlem er valde ut til å vere vigslarar, fortel ordførar Ropstad.

LES MEIR Kaste styrer ekteskap i Norge

Nøytral

I Setesdals-kommunen Valle skal dei folkevalde snart avgjere kven som skal få vigselsrett. Innstillinga frå rådmann Aud Sunniva Fuhr er at ordførar, varaordførar og ho sjølv skal stå for seremonien i Valle.

– Slik kan vi også tilby ein politisk nøytral vigsel. I små samfunn er det viktig å leggje tilhøva til rette slik at alle som søkjer vigsel får gode opplevingar, seier Fuhr.

I Valle representerer ordføraren Arbeidarpartiet, og har ei fortid som ordførar for Senterpartiet. Varaordføraren kjem frå Høgre.

Les mer om mer disse temaene:

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen er journalist i nyhetsavdelingen i Vårt Land.

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter