Nyheter

Katolsk lege krev jobb og erstatning

Katarzyna Jachimowicz vik ikkje. Ho vil ha tilbake jobben som fastlege og erstatning for å ha blitt sagt opp. Rettssaka startar måndag.

Rettssaka i Aust-Telemark tingrett er historisk. Domstolen skal avgjere om ein fastlege kan nekte å utføre lovpålagde tenester ved å vise til samvitsargument: ein fastlege skal få lov til å ha fridom til å avgjere sjølv kva ein vil.

Katarzyna Jachimowicz har saksøkt Sauherad kommune og viser til retten til samvitsfridom, som er felt ned i Den europeiske menneskerettskonvensjon, artikkel 9.

LES MEIR Saksøkjer kommune

Fridom krenka

Jachimowicz var fastlege i Sauherad fram til ho blei sagt opp i desember 2015. Ho mista jobben i Telemarks-kommunen fordi ho nektar å setje inn prevensjonsmiddelet spiral på kvinner.

Fastlegeforskrifta, som kom i januar 2015, slår fast at leger ikkje har en reservasjonsrett, korkje mot å vise kvinner til abort eller mot å setje inn prevensjonsmiddelet spiral.

Jachimowiczs advokat, Håkon Bleken, skriv i sluttinnlegget han har sendt tingretten at oppseiinga «antas å være begrunnet i at saksøker har et underliggende samvittighetsmotiv for ikke å sette inn spiral».

Advokat Bleken meiner praksisen – med at alle fastlegar må setje inn spiral – «krenker saksøkers samvittigshetsfrihet og diskriminerer henne som minoritet i Norge».

Den polske legen er katolikk, og abortmotstandar. Hennar motstand mot spiral skuldast at prevensjonsmiddelet hindrar egget i å feste seg til livmora.

KrF-krav

Hausten 2013 pressa KrF inn eit krav i samarbeidsavtalen mellom Høgre, Framstegspartiet og Venstre: Fastlegar skulle få rett til å reservere seg mot å vise kvinner til abortinngrep.

Avtalepunktet sette fyr i eit intens ordskifte om abortretten, og demonstrasjonstog samla skarar. Til slutt bøygde helseminister Bent Høie (H) av, i samråd med KrF-leiar Knut Arild Hareide:

Fastlegar skulle likevel ikkje få ein reservasjonsrett.

Den vel seks månader lange striden retta søkelyset mot kommunale fastlegar som allereie praktiserte reservasjon. Ein av dei var Katarzyna Jachimowicz.

Katolikkar støttar med pengar

I mars i fjor fortalde Vårt Land at Jachimowicz varsla søksmål mot Sauherad kommune. Ho ville ha jobben som fastlege tilbake.

Tre månader seinare kunne Vårt Land fortelje at Jachimowicz hadde klart å samle inn pengegåver nok til å kunne stemne kommunen for retten. Ho måtte ha mellom 200.000 og 400.000 kroner til første rettsrunde, for ho kan bli pålagt å betale saksomkostningane til kommunen om ho taper søksmålet. Ein av dei største einskildgjevarane er Oslo katolske bispedømme. Det har gjeve 75.000 i rettssakstøtte.

På måndag byrjar rettssaka i Aust-Telemark tingrett på Notodden.

Tre krav frå legen

Advokat Håkon Bleken opplyser at klienten hans har tre krav til Sauherad kommune:

• Oppseiinga skal kjennast ugyldig, og ho skal få tilbake jobben som fastlege og kommunalt tilsett lege.

• Ho skal få erstatning, storleiken blir det opp til retten å fastsetje.

• Ho skal ha erstatning for advokatutgiftene i samband med arbeidet med søksmålet.

LES MEIR Katolikkar gjev spiralnektar 75.000 kroner

Kommunen avviser krava

Sauherad kommune avviser alle krava den oppsagte fastlegen fremmar i søksmålet. Advokat Frode Lauareid, som arbeider i KS Advokatene, Kommunesektorens Organisasjon, skriv i sitt sluttinnlegg til tingretten at «Sauherad kommune legg ned påstand om at kommunen vert frifunnen og tilkjent sakskostnader».

Kommunens advokat understrekar at Sauherad ikkje har akseptert at «Katarzyna Jachimowicz har reservert seg mot å setje inn koparspiral overfor dei pasientane som ber om dette. Det ligg difor ikkje føre nokon reservasjon som er bindande overfor Sauherad kommune.

Lauareid forklarar at fastlegen blei sagt opp fordi ho «ikkje vil retta seg etter det regelverk som gjeld for utøvinga av fastlegepraksis».

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter