Nyheter

Katolikkar gjev 75.000 kroner til spiralnektar

Legen Katarzyna Jachimowicz har samla inn nok pengar til å saksøkje Sauherad kommune.

Katarzyna Jachimowicz blei sagt opp som fastlege i Telemarks-kommunen Sauherad i fjor fordi ho ikkje vil setje inn prevensjonsmiddelet spiral på kvinner. Den polske legen, som er katolikk, hadde reservert seg mot å setje inn spiral då dette kan føre til abort på eit tidlig stadium i fosterutviklinga.

Jachimowiczs advokat, Håkon Bleken, fortel at klienten går til sak mot kommunen for å få kjent oppseiinga ugyldig.

– Stevninga blir sendt før sommarferien, for no er det samla inn tilstrekkeleg med pengar til første rettsrunde.

– Kor mykje er samla inn?

– Det ønskjer eg ikkje å gå i detalj om, seier Bleken.

Advokaten til Sauherad kommune, Frode Lauareid, fortel at dei ikkje er overraska over at det blir rettssak:

– Men kommunen er budd.

LES MEIR: Fastlege fekk sparken

Første runde

I mars opplyste generalsekretær Magnar Kleiven i Norges Kristelige Legeforening (NKLF) til Vårt Land at Katarzyna Jachimowicz treng frå 200.000 til 400.000 kroner til første rettsrunde, for ho kan bli pålagt å betale saksomkostningane til kommunen om ho taper søksmålet.

– No har vi nok til første runde, opplyser Bleken.

– Kven gjev pengar?

– Lag, forsamlingar og einskildpersonar, fortel advokaten.

I NKLF meiner dei den komande rettssaka blir viktig. Generalsekretær Kleiven har sagt at «vi får testa om fastlegar har reell samvitsfridom».

Foreininga har hjelpt Jachimowicz med å etablere eit nettverk av økonomiske støttespelarar

Kroner og bønn

Blant dei som stiller opp for den katolske legens reservasjonskamp, er Oslo katolske bispedømme (OKB).

– Dette er ei viktig og prinsipiell sak om livsvern og reservasjonsrett. Katarzyna Jachimowicz har følgt samvitet sitt i det fundamentale spørsmålet om vern av menneskelivet frå befruktingsøyeblikket. Bispedømmet vil uttrykke sin moralske støtte til doktor Jachimowicz, seier biskop Bernt Eidsvig i OKB i ei kunngjering.

Eidsvig har avgjort at bispedømmet skal gje 75.000 kroner til første runde i domstolen. Han ber også «prester, ordensfolk og lekfolk» om å yte Jachimowicz økonomisk støtte.

LES MEIR: Hardkjør mot Erna om reservasjon

Bryt forskrift

Oppseinga frå Sauherad kommune kom etter eit brev frå Helsetilsynet, som slo fast at reservasjon mot spiralinnsetjing er i strid med fastlegeforskrifta.

Jachimowicz har sidan ho blei tilsett i Sauherad i 2011 vore open om at alle former for provosert abort vil vere i konflikt med hennar samvit og læra til Den katolske kyrkja. Men ingen reservasjonsavtale blei signert.

- Kommunen hadde problem med å skaffe legar. Eg ville vere lege i Sauherad, men dei gjorde det til ei stor sak at eg ikkje vil setje inn spiral på kvinner som søkjer prevensjon. Eg fekk ingen klager på jobben eg gjorde som lege, sa ho til Vårt Land i mars.

Bryt konvensjon

I den komande rettssaka vil Katarzyna Jachimowicz prøve å overtyde retten om at Sauherad kommune bryt artikkel 9 i Den europeiske menneskerettskonvensjonen:

«Enhver har rett til tankefrihet, samvittighetsfrihet og religionsfrihet; denne rett omfatter frihet til å skifte sin religion eller overbevisning, og frihet til enten alene eller sammen med andre og såvel offentlig som privat å gi uttrykk for sin religion eller overbevisning, ved tilbedelse, undervisning, praksis og etterlevelse.»

«Frihet til å gi uttrykk for sin religion eller overbevisning skal bare bli undergitt slike begrensninger som er foreskrevet ved lov og er nødvendige i et demokratisk samfunn av hensyn til den offentlige trygghet.»

Les mer om mer disse temaene:

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen er journalist i nyhetsavdelingen i Vårt Land.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter