Katolikkane snudde
Færre kallar seg kristne i USA, fleire seier dei ikkje har ei tru. Tysdag samla fleirtalet av kristne seg rundt Donald Trump. Dei utan ei tru ville ha Hillary Clinton.
I presidentvala i 2008 og 2012 støtta fleirtalet av amerikanske katolikkar demokraten Barack Obama. Tysdag valde fleirtalet republikanaren Donald Trump. Her ber den katolske kardinalen Timothy Dolan saman med Trump og Hillary Clinton på ein minnemiddag i New York i oktober.
CARLOS BARRIA
Slik røysta dei som har ei tru, fortel Pew Research Center etter analyser av valdagsmålingar:
• Kvite evangelikale kristne: 81 prosent stemte på Donald Trump, 16 prosent på Hillary Clinton.
• Protestantar og andre kristne: 58 prosent på Trump, 39 på Clinton.