Nyheter

Kasta roser i havet for døde flyktningar

– Båtflyktningane i Middelhavet er ein brutal del av røynda, som ikkje skjer så langt unna oss. Vi treng å bli minna på det, seier Knut Refsdal.

Bilde 1 av 10

Refsdal, generalsekretær i Norges Kristne Råd, var ein av appellantane under fredagens minnemarkering på operataket i Oslo.

– Vi ynskjer å markere Verdas flyktningdag for å minnast dei som døyr på vegen til Europa. I tillegg uttrykte eg eit ynskje om at Noreg skal ta eit større ansvar for verdas flyktningkrise, seier Refsdal.

LES OGSÅ: Afrika vil firedobles før år 2100

– Vi kan gjere meir

Refsdal er glad for at politikarane har blitt einige om å ta imot fleire syriske flyktningar. Men vi kan gjere meir, meiner han.

– Eg tenker at Norge gjerne kunne vore meir aktive i å finne felles, europeiske løysingar, og ikkje berre skyve byrda over på Italia, Spania og andre søreuropeiske land.

LES OGSÅ: Hull i Hornes flyktningtall

– Angår oss

Norges Kristne Råd var blant initiativtakarane bak markeringa.

– Kvifor gjorde dykk det?

– Båtflyktningane i Middelhavet er ein brutal del av røynda, som ikkje skjer så langt unna oss. Vi treng å bli minna på det. Det angår oss og det utfordrar oss som menneske i verdas rikaste land. Eg vil at dette skal angå meg. Eg ville bli avstumpa om eg berre lukka auga.

Over 3.000 menneske har mista livet i Middelhavet i 2014 og 2015.

Følg oss på Facebook og Twitter!

Vil ikkje stå på sidelina

I skildringa av markeringa står det: «Som kyrkjer kan vi ikkje stå på sidelina og la denne situasjonen eskalere».

– Kva forskjell trur du ei slik markering kan gjere?

– Forhåpentlegvis kan det vere eit ledd, blant mange andre, som bidreg til å samle både kyrkjer og sivilsamfunnet til å legge ytterlegare press på norske myndigheiter. Det handlar om å bygge breie alliansar, og å gjere offentlegheita merksam på kva som skjer.

Ifølgje Refsdal har ikkje Norges Kristne Råd planar om fleire slike markeringar.

– Men dette er andre eller tredje året på rad vi markerer Verdas flyktningdag, seier han.

Verdas flyktningdag er kvart år, den 20. juni.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter