Nyheter

Kan gå i krigen med nedfrosne egg

Familieplanlegging er vanskeleg når du er yrkessoldat - og ofte i krigen. Difor freistar USAs forsvar med nedfrysing av egg og sæd.

Forsvarsminister Ash Carter ønskjer å gjere forsvaret meir familievenleg, halde på soldatane lenger samt hjelpe dei som blir infertile som følgje av kampskader.

For å oppnå dette har han lagt fram eit uvanleg program:

USAs forsvar skal tilby menn og kvinner i uniform nedfrysing av sæd og egg. Slik kan familiar betre planleggje når det høver å bli foreldre og kor mange barn dei vil ha.

LES MEIR Kjøper egg i Spania, døyr i Belgia

Kvinner i uniform

Forsvarsminister Carter er særleg oppteken av kvinnene i uniform:

– For kvinner som er offiserar og verva soldatar, er dette tilbodet ein demonstrasjon på at vi forstår deira ønskje om ein betre balanse mellom forsvaret og familien. Vi vil behalde dei i militæret, seier han til Military Times.

USA har 1,3 millionar soldatar og offiserar i aktiv teneste. 15 prosent av desse er kvinner.

Skadde soldatar

Soldatar som har frose ned egg og sæd kan også bli foreldre sjølv om dei returnerer til USA med stridsskader i genitalia.

Forsvarsdepartementets tal viser at vel 1.300 soldatar har kome heim frå Irak og Afghanistan med skader som fordrar omfattande kirurgiske inngrep for å gjere dei reproduktive.

– Vi kan hjelpe våre menn og kvinner med å starte ein familie, sjølv om dei har visse stridsskader, seier Carter til Military Times.

LES MEIR Barn fødd med tre foreldre

Ungt forsvar

Forsvarsministeren har studert den demografiske strukturen på dei væpna styrkane han er ansvarleg for. Tala viser at dei er i sin beste alder med tanke på å bli foreldre:

• Nesten halvparten av dei verva mannskapa er under 26 år,.

• Og 22 prosent er mellom 26 og 30 år.

• 42 prosent av alle offiserane er mellom 26 og 35 år.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter