Nyheter

Israel-handel veks

Nordmenn lyttar ikkje til boikottkrav. 
Importen frå Israel er nesten dobla på 15 år.

– Å boikotte israelske varer blir ei krevjande øving. Du må til 
dømes klare deg utan mobil-
telefonen og PC-en, seier Andreas
 Brovig.

I eit år har han drive nettsida israelsk.no. Her viser han fram alle dei israelske varene som norske forbrukarar kan kjøpe – og må kjøpe om dei vil ha tilgong på viktige verktøy i kvardagen, som til dømes mobiltelefonen.

– Israelske teknologiselskap er i dag så langt framme og leverer så mange viktige produkt, at ein boikott vil bli svært vanskeleg, seier Brovig, som også er gruppeleiar for KrF i Lillesand bystyre.

LES OGSÅ:Prest ber om Israel-boikott

Ber om boikott

I gårsdagens Vårt Land tok sokneprest på Svalbard, Leif Magne Helgesen, til orde for full boikott av Israel:

– Tida er inne for å bruke sterkare verkemiddel mot Israel.
Akkurat som verdssamfunnet pressa Sør-Afrika til å skrote apartheid-politikken, må Israel
bli pressa til å avslutte okkupasjonen av Vestbreidda og gje 
palestinarane ein eigen stat.

Helgesen ønskjer også drahjelp frå eigen arbeidsgjevar, Den norske kyrkja:

– Kyrkjas haldning er at ein ikkje skal kjøpe israelske varar som er produserte på Vestbreidda.
No er tida inne for å trappe opp boikotten, for Israel viser 
liten vilje til å avslutte okkupasjonen av Vestbreidda, sa Leif Magne Helgesen, og ba nordmenn slutte å kjøpe israelske varer.

Soknepresten på Svalbard var ved årsskiftet internasjonal 
observatør i Hebron på Vestbreidda, og er i sommar obser-
vatør i den vesle palestinske landsbyen Susiya sør for Hebron.

LES OGSÅ: Biskop åpner for hardere straffetiltak mot Israel

Milionvekst

Dei seinare åra har det vore fleire oppmodingar om å boikotte israelske varer, men tal frå Statistisk sentralbyrå (SSB) viser at oppmodingane fell på steingrunn:

• I 2000 kjøpte Norge varer frå Israel for nesten 475 millionar kroner.

• I 2014 importerte vi varer for 875 millionar kroner.

Følg spalten på Facebook og Twitter!

Må snu

Få månader etter at dåverande SV-leiar Kristin Halvorsen blei finansminister i den raudgrøne regjeringa i 2005, gjekk ho ut og oppmoda til boikott av israelske varer. Israel reagerte sterkt på at eit norsk regjeringsmedlem ba om boikott – og allereie dagen etter at orda fall, beklage Halvorsen boikottoppmodinga.

Eit år tidlegare reagerte SV sterkt då det kom for ein dag at appelsinane som var sette fram på landsmøtehotellet i Kristiansand, var israelske. Då ein delegat oppdaga eit Jaffa-merke på dei gule båtane, måtte hotellet bere ut fruktfata og kjøpe inn nye appelsinar til SV, som boikottar israelske varer.

LES OGSÅ: Mot sin hensikt

Sterkare oppslutning

SSB-tala for 2013 og 2014 viser at sjølv om importen frå Israel til Norge veks, er dei ei varegruppe som går ned; frukt og grønt. Denne reduksjonen, som er på 8 millionar, blir kompensert av sterk importvekst av andre vareslag, særleg teknologi.

– For dei som ivrar for boikott kan det vere enkelt å slutte å kjøpe israelsk frukt og grønt, slik som Jaffa-appelsinar, seier Andreas Brovig.

– Har ditt arbeid med israelsk.no påverka handelen med israelske varer?

– Det vil eg vere varsam med å seie noko om. Men på generelt grunnlag vil eg seie at for oss som er Israel-vener, er det lettare å få oppslutning om oppmodingar om å kjøpe israelske varer enn det er for dei som ønskjer boikott og få oppslutning om ei slik opmoding, seier Brovig.

Forsvarssal

På eitt område har Norge slutta å kjøpe israelske varer. Forsvaret kjøper ikkje militært materiell frå Israel lenger – og norske forsvarsbedrifter får ikkje selje sine produkt til Israel direkte.

Les mer om mer disse temaene:

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen er journalist i nyhetsavdelingen i Vårt Land.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter