Nyheter

Ingen av oss lever for seg sjølv

22. juli 2011 forandra oss. Vi må saman be og arbeida for at dei arra dette har gitt, ikkje gjev rom for resignasjon og avmakt. Vi må saman stå opp for fellesskap, framtid og håp, skriv Ellen Nordtun.

I dag er det fire år sidan katastrofen ramma Norge. Fire år sidan den uverkelege fredagen, då landet vart ramma av terroraksjonen mot regjeringskvartalet i Oslo og ungdommane­ på Utøya. 77 menneske mista ­livet brått og brutalt.

Som nasjon kjente vi at dette­ var eit angrep på oss alle, på verdiane våre og fundamentet som nasjonen er bygd opp om. Vi ber med oss kunnskapen og opplevinga av 22. juli 2011 ulikt, avhengig av kor nær vi var hendinga.

Verdiane som viste seg hos det norske folket, som reaksjon på terroren, i form av toleranse, kjærleik og samhald – understrekar fellesskapstanken som Paulus skriv om i dagens bibelord.

«For ingen av oss lever for seg sjølv, og ingen døyr for seg sjølv. Lever vi, så lever vi for Herren, og døyr vi, så døyr vi for Herren. ­Anten vi då lever eller døyr, ­høyrer vi Herren til.»

Paulus viser til at vi er avhengige av kvarandre, og at alle er ein del av fellesskapet. Fellesskapet valte i tida etter 22. juli 2011 å møte hat med samhald og valte lyset framfor mørket.

Jesu ord og gjerning er prega av å kjempa mot vondskap og å avsløra den. Livet hans fortel om ein Gud som lid med dei som har det vondt. Korset er tilsvaret på vondskapen. Korset viser oss ein Gud som ikkje er heva over menneskelege lidingar, men ein Gud som er til stades midt i alt det sårbare og i vondskapen.

22. juli 2011 forandra oss. Vi må saman be og arbeida for at dei arra dette har gitt, ikkje gjev rom for resignasjon og avmakt. Vi må saman stå opp for fellesskap, framtid og håp.

Martin Luther King sa ein gong: Mørke kan aldri fordrive mørke, det kan berre lys.

Vi må saman arbeida for at ­lyset skal vinna over mørket, ved å vera gode medvandrarar, sjå einskildmenneske, skapa gode møteplassar og å ta håpet og kjærleiken med oss ut i kvardagen.

Ingen av oss lever for seg sjølv, det er i det menneskelege fellesskap håpet oppstår.

Ellen Nordtun

Rådgjevar Stavanger bispedømmekontor

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter