Nyheter

Hjelper flyktningar frå nord til sør

Situasjonen blir stadig verre for nordkoreanske flyktningar i Kina. No håper hjelpearbeidar Tim Peters at Donald Trump kan bidra til ei løysing på den koreanske halvøya.

I august stengde kinesiske 
styresmakter tolv kinesisk-koreanske kyrkjer nær grensa til Nord-Korea.

– Desse kyrkjene har vore ekstremt viktige som eit første kontaktpunkt for flyktningane som kjem over grensa, fortel Tim A. Peters.

Den amerikanske hjelpearbeidaren er i Oslo denne veka. Sidan 1996 har han drive organisasjonen Helping Hands Korea (HHK).

– Dei som flyktar frå Nord-Korea får ofte beskjed om at dei må sjå etter bygningar med kors på når dei kjem seg over grensa. Fordi der vil dei finne folk som kan hjelpe.

LES OGSÅ: – Kristne er oftare direkte mål

Peters er sjølv kristen og har, gjennom HHK, hjelpt mange nordkoreanske flyktningar på veg frå Kina til Sør-Korea.

Sør-Korea gir automatisk opphald til alle frå nabolandet i nord. Men vegen dit er lang, og kinesiske styresmakter ser på flyktningane som ulovlege migrantar som skal sendast tilbake.

Fleire treng hjelp

Ifølgje Amnestys rapport for 2016/2017 har ytringsfridom dårlege kår i Nord-Korea. Opp mot 120.000 menneske er fengsla, og tortur og tvangsarbeid er meir rutine enn unntak. Statleg kontroll og undertrykking skal ha auka kraftig sidan Kim Jong-un kom til makta i 2011.

Ifølgje Amnesty rømde 1.414 menneske frå Nord-Korea til Sør-Korea i 2016/2017. Hittil i år har Peters og hans organisasjon hjelpt 100 menneske på vegen.

– Vi har sju personar som er på veg akkurat no. Ei einsleg kvinne, ei kvinne med eit barn, ei mor og ein son, og ein far og ei dotter, fortel han.

LES OGSÅ: Fredsprisen griper inn i norsk atomdebatt

Reisa går vanlegvis via Laos og Thailand, før dei tek fly til Sør-Korea. Talet på nordkoreanske flyktningar som kjem over grensa har gått ned det siste året. Men det betyr ikkje at færre treng hjelp.

– Mange blir verande i Kina. Somme har integrert seg djupt i det kinesiske samfunnet. Andre vil vere nær familien sin i Nord-Korea og sende pengar tilbake til dei, fortel Peters.

I tillegg vert mange kvinnelege flyktningar utsett for trafficking og selde som bruder til kinesiske menn.

– Den nordkoreanske familien er i ferd med å bli oppløyst, og det er ein tragedie. Mange av kvinnene har kanskje mann og barn heime og reiser ut for å hjelpe familien sin, men blir i staden sitjande faste i Kina, seier Peters.

– Dei minste gjer mest

Ifølge Peters er situasjonen for dei som prøver å hjelpe nordkoreanske flyktningar i Kina, blitt kraftig forverra dei siste åra. I februar i år vart 32 sørkoreanske misjonærar utvist frå Kina. Stenginga av kyrkjene ved grensa er siste utvikling i situasjonen, ifølgje Peters.

– Det er tydeleg at noko er i emning. Kinesiske styresmakter er veldig opptekne av å bryte opp nettverk som hjelper flyktningane, fortel han.

Ifølgje Human Rights Watch vart 41 nordkoreanske flyktningar arrestert av kinesisk politi i juli og august i år. Det er ei kraftig auke frå fjoråret, då totalt 51 vart arrestert. Dei blir sendt tilbake til heimlandet, der dei mest sannsynleg vert straffa for flukta.

LES OGSÅ: Unge sør-koreanere vender troen ryggen

Ifølgje Tim Peters er det dei små, kristne organisasjonane som gjer mest for den utsette gruppa. FNs høgkommissær for flyktningar (UNHCR) i Kina har Peters lite til overs for.

– Kinesiske styresmakter hindrar dei frå å arbeide i grenseområdet i nord. Etter mi meining burde dei protestert meir mot dette. Slik som det er i dag, er ikkje UNHCR involvert i situasjonen til nordkoreanske flyktningar i det heile.

Brukar bøn

Gjennom to tiår har Peters etablert gode forhold til menneske som han stolar på i Kina. Sjølv om jobben hans er utfordrande og risikabel, føler han ei plikt til å gjere noko.

– Behandlinga som nordkoreanarane har opplevd, har gjort sterkt inntrykk på meg. Det skapte eit sinne i meg, og eg kom fram til at dette kan vi ikkje tolerere. Vi må kjempe imot, seier han.

Som kristen er han avhengig av bøn som verkemiddel.

– Eg trur verkeleg at bøn er ein praktisk ting. Det som er utanfor mi rekkevidde, må eg spørje om hjelp til. Og det gjer eg.

Trump på tur

Peters ber for flyktningane, men også for verdsleiarar. Ein av dei er USAs president Donald Trump, som i desse dagar er på rundtur i Asia. 7. november var Nord-Korea og landets atomprogram tema under samtalar med Sør-Koreas president Moon Jae-in.

Peters håper på eit gjennombrot som vil betre situasjonen til innbyggjarane i Nord-Korea.

– Personleg er eg ukomfortabel med Trumps stil. Samtidig føler eg at han forstår at denne situasjonen har blitt forsømt av USA dei siste tiåra. Kanskje hans tøffe forhandlingsmåte kan føre til uventa resultat, seier han.

LES OGSÅ: Norsk skip bygd av utleigde tvangsarbeidarar frå Nord-Korea

Amerikanaren ynskjer ikkje ei militær løysing på situasjonen i Nord-Korea, men han trur heller ikkje meir diplomati er vegen å gå.

– President Moon Jae-in har prøvd å snakke med regimet i nord, men dei ignorerer han, seier han oppgitt.

Peters håper at Kina vil snu. Men med president Xi Jinping i førarsetet i åra som kjem, ser det ikkje lyst ut.

– Kanskje er det slik at situasjonen må bli verre før den kan bli betre.

Les mer om mer disse temaene:

Anita Grønningsæter Digernes

Anita Grønningsæter Digernes

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter