Nyheter

Historisk rettssak om sexslaveri

Kvinner i Guatemala fortel om bortføring, drap, valdtekter og sexslaveri under borgarkrigen.

Ei gruppe eldre kvinner mot to tidlegare militære leiarar. Kvinnene vågar framleis ikkje vise kven dei er, vel 30 år etter at overgrepa fann stad. Skamma sit djupt. Difor gøymer dei ansikta i skaut der dei sit i rettsalen i Guatemala by.

Rettssaka er verdas første i sitt slag: Rettsleg oppgjer om seksuelt slaveri i landet der brotsverka fann stad.

Guatemala - som til vanleg er heimsøkt av vald, korrupsjon, skeiv fordeling og fattigdom - nyt akkurat no ein sjeldan augneblink, meiner International Crises Group (ICG):

• I januar fekk landet ein president som ikkje kjem frå dei tradisjonelle maktbasane, hæren og næringslivet.

• Landet viser vilje til å stille gamle politiske leiarar til ansvar.

• Landet gjennomfører historiske rettsoppgjer.

LES MEIR – Eliten feirer nedleggelse av ambassade

Via merksemd

På tiltalebenken i Guatemala by sit to menn frå det gamle militærregimet. Dei er tiltala for brotsverk mot menneskeslekta – og ei rad andre krenkingar av menneskeverdet. Ein var kommandant på hærens base i Sepur Zarco, ein militærleir aust i Guatemala, ein var ein regional militær leiar.

Dei blei arresterte og tiltalte etter at ei gruppe guatemalanarar vann fram hjå påtalemakta. Deira historie, som påtalemakta omsider valde å lytte på, starta i 1982.

Kristen diktator

Året var eit av dei blodigaste i Guatemalas borgarkrig. I 1982 var Rios Montt president. Han var general – og evangelisk kristen, og brukte hæren til å knuse det han definerte som ein kommunistisk gerilja som trua den nasjonale stabiliteten. Drapa på og forfølginga av fattige bønder gjekk kraftig opp det året Montt styrte.

LES MEIR Norge støttet gerilja i Guatemala

Soldatar valdtok

I 1982 kom det soldatar til landsbyen Sepur Zarco og henta menn, mellom dei landsbyens leiarar. Fleire blei drepne, andre berre forsvann. Nokre veker seinare kom soldatane tilbake. Til kvinnene. Mange blei valdtekne med barna som tilskodarar. Då soldatane reiste tok dei kvinner med seg til basen.

Tiltalen fortel kva nedrig system som venta 11 kvinner som blei haldne som slavar: Dei blei plasserte i ein turnus der dei på skift kokte mat, vaska lokala – og var sexleiketøy

Lærerik sak

Paula Barrios, ein av advokatane til kvinnene, vonar på ein fellande dom, og at rettssaka kan lære eitkvart land at krigsbrotsverk og brotsverk mot menneskeslekta kan førast i nasjonale domstolar

Det makabre skiftsystemet varte i seks månader i 1982, men fleire av kvinnene blei på basen i Sepur Zarco heilt fram til 1988. I denne perioden blei dei tvinga til å levere mais og lage mat. Og dei blei valdtekne.

Mørklagt sak

– Desse kvinnene hadde aldri tidlegare snakka om overgrepa dei blei utsette for på militærbasen, ikkje eingong til familiane sine, fortel Kristina Rødahl, leiar for Kirkens Nødhjelps landkontor i Guatemala.

Ho fortel at kvinnene som har reist rettssaka opplever ei enorm belastning, for skamma som kviler over opplevingane er svært tyngjande.

– Mange, spesielt militærsympatisørar, skuldar kvinnene for å lyge, seier Rødahl.

Viktig leksjon

Rettssaka kan vise veg for andre kvinner, for kvinnene i rettssalen snakkar for tusental andre mayakvinner som opplevde seksuell vald under borgarkrigen, forklarar Rødahl.

– Rettssaka er ein viktig leksjon både for landet og for kvinnene - om at det ikkje er naudsynt å teie om desse overgrepa, lenger.

KNs landsjef meiner rettssaka også handlar om noko meir enn eit historisk oppgjer:

– Ho rettar også søkelyset på den kontinuerlige valden mot kvinner som finn stad i Guatemala, også i dag, inkludert frå offentlege tenestemenn, seier Rødahl.

Les mer om mer disse temaene:

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen er journalist i nyhetsavdelingen i Vårt Land.

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter