Nyheter

Hentar fram jernteppet

Landet som klypte ­opningar i jernteppet for å sleppe ut flyktningar, byggjer no eit nytt gjerde. Ungarn vil ikkje sleppe inn ­flyktningar.

Bilde 1 av 4

2015: Soldatar reiser eit 175 kilometer langt piggtrådgjerde sør i Ungarn. Det skal stå langs den 175 kilometer felles grensa mot Serbia, og skal hindre flyktningar å ta seg inn i Schengen-landet Ungarn.

1989: Soldatar klypper vekk det 130 kilometer lange piggtrådgjerdet nord i Ungarn. Det markerte den felles grensa mot Austerrike. Gjerdet skulle hindre borgarar i dei totalitære kommuniststatane frå å flykte til Vesten under den kalde krigen.

Muren fall

– Eit stort paradoks, meiner Terje Knutsen. Førsteamanuensisen ved Universitetet i Bergen (UiB) forskar på demokrati og demokratisering, med hovudvekt på Aust-Europa:

Ungarn var landet som starta demonteringa av det hata jernteppet våren og sommaren 1989, eit teppe som hadde delt Europa­ sidan 1945. Reformregimet i Budapest trassa både Berlin og Moskva ved å klyppe store hol for å sleppe ut titusental austtyskarar som hadde reist til Ungarn på «ferie» for å prøve å flykte over til Austerrike – og politisk fridom i Vest-Europa. Gjerdeopninga i 1989 var ei brikke i kjedereaksjonen som kulminerte med at Berlinmuren fall i november same år.

Så, 26 år seinare: Ungarn er det første landet i Europa som byggjer eit nytt jernteppe. Denne gongen er det eit gjerde mot flyktningar som – til liks med dei i 1989 – søkjer politisk fridom og tryggleik, men som no kjem inn i Europa sørfrå. I dag er tusental flyktningar på reise nordover langs den austre ruta; Hellas, Makedonia og Serbia. Men når syrarane, irakarane og afghanarane når grensa til Ungarn, møter dei eit fire meter høgt, nybygd gjerde.

LES OGSÅ: Ungarn vil sette inn soldater mot flyktninger

Presset aukar

Måndag kryssa 2.093 flyktningar grensa mellom Serbia og Ungarn, opplyser ungarsk politi. Det er det høgaste talet på éin dag nokosinne. Rekorden blei nådd berre få dagar før grensegjerdet er ferdig.

Flyktningstraumane mot Ungarn vil berre vekse, melder FNs høgkommissær for flyktningar (UNHCR). Opp til 3.000 er venta å krysse grensene til Makedonia kvar dag dei neste månadane:

– Det er ingen ting som tyder på at straumen kjem til å stoppe, melder talskvinne Melissa Fleming.

– Klarar dei å kome seg inn i Ungarn, ligg vegen open til dei rike velferdsstatane lenger nord, forklarar Terje Knutsen ved UiB.

Grenselaust Europa

«Ungarn vil ikkje ha eit multikulturelt samfunn», sa statsminister Viktor Orban i januar.

«Ungarn må låse dørene for flyktningar», sa Orban i februar.

– Innvandring er eit av dei aller største problema Estår andsynes i dag. EU-landa leitar etter løysningar på problemet, men Ungarn har ikkje tid til å vente lenger, sa utanriksminister Peter Szijjarto i juni då han presenterte Ungarns handfaste løysing: Jernteppet som stengjer grensa mot Serbia.

For flyktningane – og migrantane – som no strøymer nordover i Europa, er det 26 land store og grenselause Schengen-området det forjetta landet. Ungarn er porten inn.

LES OGSÅ: Flyktninger presser EUs grensesamarbeid

Følg oss på Facebook og Twitter!

Stoppar ikkje

I 2014 mottok Ungarn fleire flyktningar per innbyggjar enn noko anna EU-land – med unntak av Sverige. Heile 43.000 asylsøkjarar blei registrerte i fjor mot berre 2.000 i 2012. Hittil i år har ungarske styres­makter registrert over 100.000 flyktningar, i hovudsak flyktningar frå Syria, Irak og Afghanistan.

Men berre eit fåtal ønskjer å bli Ungarn. 90 prosent reiser vidare innan få dagar, opplyser den ungarske Helsingforskomiteen, og peikar på to land som utmerkar seg som reisemål: Sverige og Tyskland. Sistnemnde bur seg på å ta i mot 800.000 flyktningar i år.

Hylla gjerderivinga

Sjefs­arkitekten bak Ungarns strenge og omstridde asyl- og flyktningpolitikk, er landets statsminister, Viktor Orban frå partiet Fidesz –ein mann og eit parti som er godt kjent av Raftostiftelsen i Bergen, som kvart år deler ut ein internasjonalt anerkjent menneskerettspris, Raftoprisen.

I 1989 kunngjorde stiftinga at årets Raftopris gjekk til ungarske Fidesz, ein organisasjon av unge, liberale demokratar som var sentrale i kampen for nye og betre tider i landet som hadde blitt invadert og okkupert av Sovjetunionen i 1956.

I grunngjevinga kom Raftostiftinga inn på demonteringa av jernteppet:

«At det forhatte piggtrågjerdet på grensen mellom Ungarn og Østerrike i sommer ble revet, og ga både ungarere og flyktende østtyskere fri adgang til et demokratisk naboland, var kanskje det som gjorde sterkest inntrykk ute i Europa.»

Og: «Ungdomsorganisasjonen Fidesz representerer det meste av denne utviklingen, som ingen ville trodd var mulig.»

26 år seinare seier Orban det slik når han skal forklare kva som er det overordna målet for asyl- og flyktningpolitikken: Vi skal bevare det ungarske Ungarn.

Snakkar ikkje om Fidesz

Sjølv om Fidesz og partistiftar Viktor Orban har teke ein kraftig høgresving sidan organisasjonen fekk Raftoprisen for 26 år sidan, har det ikkje vore aktuelt for Raftostiftelsen å annullere tildelinga eller kalle prisen tilbake.

- Vi forheld oss til Peter Molnar som var den av Fidesz-stiftarane som kom til Norge og henta prisen - og han meldte seg ut av Fidesz i 1994 i protest mot høgredreiinga som blei leia av Viktor Orban, fortel dagleg leiar Solveig Moldrheim.

– Vi fokuserer i dag på Peter Molnar, og ikkje Fidesz. Difor har vi halde kontakten med han og skal bruke han i eit konkret prosjekt som mellom anna skal handle om ytringsfridom, seier Moldrheim, og understrekar Fidesz av i dag har svikta dei verdiane organisasjonen stod for i 1989.

LES OGSÅ: Kastet molotovcocktail i flyktningehjem

Bryt menneskerettar

Frå 2010 til februar i år hadde statsminister Orbans konservative ­Fidesz eit såkalla superfleirtal på to tredeler i nasjonalforsamlinga saman med eit kristeleg-demokratisk parti. Fleirtalet gav Orban høve til å endre grunnlova på fleire punkt. Mellom anna har Ungarn fått lover som regulerer media, valordningar og den uavhengige rolla til domstolane – alt i favør av sterkare statleg kontroll. Medieloven gjev ei politisk oppnemnt pressenemnd rett til å sanksjonere og straffe medier.

Vedtaket om å starte bygginga av grensegjerdet mot Serbia føyer seg inn i mengda av tiltak som innskrenkar demokratiet i Ungarn, meiner Raftostiftelsen.

– Statar skal ikkje hindre menneske å søkje vern. Konsekvensen av gjerdet blir at Orban-­regjeringa undergrev asylinstituttet. Ungarn respekterer ikkje sentrale menneskerettar, noko som er svært alvorleg, seier dagleg leiar Moldrheim.

Blitt nasjonalist

Førsteamanuensis Knutsen ved Universitetet i Bergen har ei hovudforklaring på Viktor Orbans politisk hamskifte; frå liberal demokrat til totalitær høgreorintert:

– Nasjonalismen har alltid vore sterkare i Ungarn enn i andre land i Aust-Europa.

Knutsen fortel at denne nasjonalismen har farga kraftig over på Orban, særleg etter at han tapte parlamentsvalet for sosialistpartiet i 2002 og måtte gå av som statsminister etter fire år ved makta. Orbans kraftige høgresving er eit oppgjer med sosialistane i Ungarn, meiner Knutsen.

LES OGSÅ: Flyktninger blir ikke lenger stanset på Makedonias grense

Les mer om mer disse temaene:

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen er journalist i nyhetsavdelingen i Vårt Land.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter