Nyheter

Helleland strevar med TV-reklame

Kulturminister Linda Hofstad Helleland (H) prøver med appellar til TV-selskap som bombarderer nordmenn med reklame som er ulovleg i Norge. Dei overser henne.

Nordmenn er eit kjøpesterkt publikum. Vi er glade i gambling og fell lett for ønskje frå barnemunn.

Dette ser TV-selskap og TV-kanalar. Ved å produsere og sende programma frå utlandet, frå land som tillet reklame for pengespel og reklame som masserer barnesinn, omgår selskapa norsk lov som har absolutte forbod mot slik reklame.

Vårt Land fortalte i går at TV-distributørar, som er eigde av staten og ei rekkje kommunar, også omgår reklameforboda. For dei sender barne-TV-kanalar som er produserte i utlandet, med norske tekstar og med norskspråkleg reklame.

LES MEIR Offentleg eigde TV-selskap omgår norsk lov

Har prøvd lenge

Skiftande norske kulturministrar har prøvd å stoppe reklamekringkastinga frå utlandet. Men har ikkje lukkast.

I det nasjonen gjekk i julemodus, sende Linda Hofstad Helleland (H) ei melding til Stortinget. I Alt å vinne - Ein ansvarleg og aktiv pengespelpolitikk vedgår kulturministeren at forsøka på å stoppe selskapa er fåfengte:

«Norske myndigheiter har gjort fleire forsøk på å stanse pengespelreklamen frå utlandet. På 2000- talet blei det teke fleire politiske initiativ overfor myndigheitene i Storbritannia, utan at det medførte at TV-reklamen blei stansa», skriv Kulturdepartementet.

Brukte britar

Helleland har prøvd å appellere til TV-selskapa om å respektere dei norske reklameforboda.

Ho lukkast ikkje.

I pengespelmeldinga, som no er til behandling i Stortingets kulturkomité, fortel departementet at Lotteritilsynet tok kontakt med Gambling Commission – det britiske Lotteritilsynet – om TV-reklamen som er retta mot nordmenn.

Kan ikkje gje pålegg

I haust svarte Gambling Commission at dei har vore i kontakt med dei aktuelle pengespelselskapa:

«Det britiske tilsynet forklarer at pengespelbransjen hevder at bransjekoden ikkje gjeld når pengespelreklamen blir sendt mot Noreg. Sidan den britiske bransjereguleringa byggjer på frivillig etterleving, har Gambling Commission få eller ingen moglegheit til å påleggje pengespelselskapa å stanse tv-reklamen som er retta mot Noreg.»

Bruke boksehanskar

I Stortingets kulturkomité er Arbeidarpartiet bekymra. Sjølv om deira kulturministrar heller ikkje kom nokon veg med TV-selskapa som omgår norsk lov, ber talsmann Arild Grande kulturminister Helleland om å leggje vekk silkehanskane og ta fram boksehanskane.

– Ho må gjere meir for å tette lovhola. Det er heilt klart at det ikkje er gjort nok for å stoppe ulovleg reklame retta mot nordmenn.

– Kva må Helleland gjere?

– Ho må løfte saka opp på politisk nivå, ta reklamesendingane opp med kultur- eller medieministrane i dei aktuelle landa

Grande refsar også dei norske TV-distributørane som puttar barne-TV-kanalane i kanalpakkene:

– Vi ønskjer å verne barn mot press, og det skulle eg ønskje at også distributørane var opptatt av.

LES MEIR Droppar alkohol, sender reklame for spel og leiker

Lovgjevar og styremedlem

Venstres Iselin Nybø er som Aps Arild Grande lovgjevar. Men stortingsrepresentanten frå Rogaland har eitt verv til - ho er styremedlem i energikonsernet Lyse, som eig Altibox. Dette selskapet distribuerer barne-TV-kanalen Boomerang, som av Framtiden i våre hender blir omtalt som ein «reklameversting».

Nybø finn det ikkje paradoksalt at ho som lovgjevar også er styremedlem i eit konsern som har eit selskap som omgår norsk lov.

– Eg forventar at Altibox ikkje bryt norsk lov, er alt Nybø vil seie om saka.

Har ikkje redaksjonelt ansvar

Ingen i Altibox vil svare på spørsmål frå Vårt Land. På spørsmål om kvifor omgår Altibox lova ved å sende Boomerang frå utlandet, sender produktdirektør Øyvind Lundbakk i Altibox dette svaret på epost:

«Altibox som distributør har ikke redaksjonelt ansvar for innholdet på Boomerang. Det har kringkasteren av kanalen.»

Regjeringa utgreier

Kulturminister Hellelands statssekretær, Bård Folke Fredriksen (H), fortel til Vårt Land at regjeringa slit med å få stoppa reklame som blir kringkasta frå utlandet. Han viser til pengespelmeldinga og seier regjeringa no utgreier om Norge har eit handlingsrom for tiltak retta mot reklame som blir sendt frå andre EØS-land, men som rettar seg mot et norsk publikum.

- Parallelt jobbar vi for at regelverket som regulerer fjernsynssendingar i EØS-området får eit eksplisitt unntak for pengespelreklame.

Få ministerhjelp

Aps Arild Grande meiner Helleland også bør få hjelp frå ein statsrådskollega:

– Regjeringa har ein eigen europaminister. Det er underleg at dei ikkje har gjort meir for å fremme norske interesser.

Les mer om mer disse temaene:

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen er journalist i nyhetsavdelingen i Vårt Land.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter