Nyheter

Helleland brukar islampengar på søndagshandel

Kulturministeren blar opp ein halv million kroner til utgreiing av sundagshandel. Linda H. Helleland bruker pengane ho tok tilbake frå Islamsk Råd.

– Ei merkjeleg disponering, meiner­ Arbeidarpartiets kyrkjepolitiske talskvinne, Tone Merete Sønsterud.

– Kvifor er dette merkjeleg?

– For det første, vi treng ikkje fleire utgreiingar om sundagshandel. På Stortinget er det ikkje fleirtal for å opne opp for sundagsopne butikkar. For det andre­, midla statsråden tok tilbake frå Islamsk Råd Norge burde­ ho heller brukt på noko langt viktigare enn ei utgreiing om sundagshandel, seier Sønsterud.

Ho har sjølv eit konkret forslag:

– Alle monnar dreg, så desse pengane burde Den norske kyrkja fått. Her snakkar ein om «omstilling under tryggleik», men det manglar midlar for at så verkeleg skjer.

LES MEIR Tok tilbake støtte til Islamsk Råd Norge

Omdisponering

Det er i salderinga av årets budsjett at Helleland omdisponerer allereie løyvde pengar:

• Budsjettposten «Den norske kirke og andre tros- og livssynssamfunn» får 500.000 kroner meir ved at «Driftsutgifter Den norske kirke» går opp: «Bevilgningen på posten foreslås økt med 0,5 millioner kroner. Midlene skal dekke utgifter i 2016 til det regjeringsoppnevnte utvalget som utreder spørsmål om søndagsåpne butikker.»

• Dei 500.000 kronene tok Helleland frå posten «Ymse faste tiltak»: «Bevilgningen på posten skulle etter forutsetningene bl.a. nyttes til å styrke sekretariatet til Islamsk Råd Norge. Dette har ikke skjedd, og hele bevilgningen vil derfor ikke bli utbetalt i 2016.»

Lang runde

Kampen om sundagshandelen står på Solberg-regjeringas liste over tapte­ saker­. I januar 2014 kalla den blåblå regjering­a inn til presse- konferanse. Heile tre glade statsrådar, to frå Høgre, ein frå Framstegspartiet, kunne fortelje at no skulle­ nordmenn snart få høve til å handle på sundagar.

Slik gjekk det ikkje.

Etter mange lange rundar i Kulturdepartementet, ei høyring med svært mange negative høyringssvar, og forhandlingsrundar med Venstre – utan resultat, blei saka sendt vidare til neste kulturminister, då Thorhild Widvey (H) blei bytta ut med Linda Hofstad Helleland (H) i desember i fjor.

Gav opp

I juni i erkjente Helleland­ at sundagen ikkje blir den nye handledagen. Ho – og regjeringa – gav opp å opne for ordinær varehandel på kvile- dagen; stortingsfleirtalet seier nei. Samstundes sette Kultur- departementet ned eit utval som skal vurdere dagens lovgjeving på området, og justeringar i unntaksreglane.

- Regelverket er ikkje godt nok i dag, det må bli oppdatert, gjerast enklare og bli meir rettvist både for forbrukarane og næringslivet­, forklarte Helleland i juni.

Det er dette utvalet Helleland no brukar Islamsk Råd-pengar på.

LES MEIR Islamsk Råd held namn på kvinner hemmeleg

Fraus støtte

To veker før sundagshandelsutvalet blei sett ned, var det eit rabaldermøte i Islamsk Råd Norge (IRN). Styret trekte seg fordi rådsmøtet ikkje ville kaste generalsekretæren, slik styret ønskte. Eit mellombels arbeidsutval skulle leie IRN inntil vidare.

Helleland blei uroleg for tilhøva i Islamsk Råd, og kalla dei inn til møter samstundes som ho fraus statsstøtta.

Tok tilbake

I september fekk Rådet utbetalt det halvårlege driftstilskotet på 166.000 kroner, men mista dei 484.000 kronene dei var lova i ekstra støtte frå Kulturdepartementet. Tilskotet blei løyvd for å «styrke IRNs sekretariat for å bedre kunne imøtekomme de oppgavene organisasjonen­ skal ivareta».

Helleland forklarte disponeringa slik. Islamsk Råd Norge hadde så langt i 2016 korkje tilsette eller lyst ut ei ny stilling i sekretariatet.

No blir den halve millionen brukt på å utgreie sundags- handel.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter