Alexi Chehadehs alvorlege andlet slår sprekkar. Syraren lener seg bakover i møteromstolen. Hjelpearbeidaren byrjar å le.
- Er du gift?
I over ein time har han snakka om krigens redslar, om over 250.000 døde og nesten 12 millionar syrarar på flukt, om hjelpearbeid, og stormaktskamp - og Norges rolle i Syria-krigen; om regjeringa som vil vere ein fredsskapar som vil utdanne Syrias unge samstundes som Norge sender spesialsoldatar til Syria som vil halde liv i krigen.
Så byrjar fader Alexi å snakke om fred. Verkeleg fred. Då kjem spørsmålet:
- Er du gift?
- Kva skjer når du kjem heim til kona, og ho har laga eit velduftande og smakfullt måltid? Du vil ha meir, ikkje sant. Du nøyer deg ikkje med lukta, du vil smake, du vil ete deg mett.
- I vår har vi i Syria fått smake på freden, og det smakar godt, så vi vil ha meir. Vi vil ha varig fred.
Denne veka er direktøren i den kyrkjelege hjelpeorganisasjonen DERD i Norge for å forelese på VID vitenskapelige høgskole/VID Diakonhjemmet og samtale om deira innsamling til eit sjukehus i Syria, og for å møte Kirkens Nødhjelp som støttar prosjekt som sikrar 1,5 millionar syrarar reint vatn.
LES MEIR Nepalske kvinner lures til Syria
Forlenga våpenkvile
I februar blei det forhandla fram ei nasjonal våpenkvile for Syria mellom regimet i Damaskus og ei rekkje opprørs- og opposisjonsgrupper. Men i midten av april blussa kampane for alvor opp igjen i Aleppo, Syrias nest største by. Den vestlege delen av byen er kontrollert av regjeringsstyrkar, medan opprørarar har kontroll over dei austlege bydelane.
Sist torsdag klarte Russland og USA å presse fram ei mellombels våpenkvile i den utbomba byen. Denne våpenkvila skulle først vare i tre dagar, men så blei ho forlenga, dag for dag.
Tross mange brot på den skjøre våpenkvila, er fader Alexi optimist.
- I lange periodar har foreldre sendt barna på skulen utan frykt for at dei aldri skal kome heim igjen. I lange periodar har folk kunne gå på jobb utan frykt for å døy i bombeåtak, seier han og legg til:
- Og kyrkjene er så fulle at folk må stå på torga utanfor.
Skape von
Fader Alexi er gresk-ortodoks prest, han kjem frå Damaskus, frå Det gresk-ortodokse patriarkatet for Antiokia og heile Austen, hovudsete til Syrias største kyrkjesamfunn. Presten er direktør i DERD, eller Department of Ecumenical Relations and Development, ein hjelpeorganisasjon som har hendene fulle med å lindre naud - og skape von.
Fader Alexi ser fleire teikn på at det kan snu i Syria, sakte men sikkert, frå krig til fred.
- Våpenkvila har fått syrarar til å vende heim. Dei kjem frå Europa, frå Jordan og Libanon. Dei vil heim og byggje opp landet. Vi syrarar vil leve der vi høyrer heime; i Syria.
Kva skal den norske statsministeren seie til foreldre dersom dei mistar ein son i Syria, kva skal ho fortelje at han kjempa for? For freden?

Skape fred
Faderen får med seg Norges manøvrering i Syria. Han ser at regjeringa på den eine sida støttar FNs barnefond UNICEF og FNs høgkommissær for flyktningar med store summar. Han høyrer at Norge har ei leiande rolle blant gjevarland.
Han registrerer også at Norge skal sende 60 spesialsoldatar til Jordan i sommar, soldatar som har fått klarsignal til å gå inn i Syria og kjempe saman med lokale syriske opprørsgrupper.
Fader Alexi er kritisk:
- Kven skal dei kjempe saman med? Kva skal dei oppnå? Vil deira innsats bringe fred til Syria?
Presten stoppar opp. Dreg seg i det grå skjegget:
- Kva skal den norske statsministeren seie til foreldre dersom dei mistar ein son i Syria, kva skal ho fortelje at han kjempa for? For freden?
Mannen i svart kledning dreg i mansjettane på prestekappa. Krittkvite skjortemansjettar kjem til syne. Fredens farge.
- Det som trengs i Syria no, er vilje til fred, verkeleg fred. Krigen må bli avslutta ved forhandlingsbordet, ikkje på slagmarka.
LES MEIR: Vann er våpen i Syria

Når mektige statar sluttar å tenkje på eigne interesser, og prioriterer syrarane sine interesser, kan det verkeleg bli fred
Byggje landet
Den gresk-ortodokse kyrkja er Syrias største kyrkjesamfunn. Ho har vore i landet sidan dei første kristne kyrkjene blei etablerte i det første århundret. På 600-talet kom muslimane. Store delar av den kristne verda blei erobra.
- I Syria har kristne og muslimar levd side om side fram til krigen braut ut. Det syriske samfunnet bør ikkje styres ut frå kven som er i religiøse fleirtal eller mindretal. Vi er alle borgarar i landet. Skal vi klare å byggje opp att landet vårt, må vi finne tilbake til tida før 2011, seier fader Alexi.
- Burde kyrkja bli trekt meir aktivt inn i arbeidet med ein fredsavtale, som FN leiar?
DERD-direktøren smiler lurt i skjegget.
- Vi treng ikkje ein plass ved forhandlingsbordet fordi vi har ei anna oppgåve. Vårt arbeid er viktig for freden si sak – og det viser vi kvar dag. I organisasjonen eg leiar arbeider både kristne og muslimar med same mål for augo, byggje opp att Syria.
LES MEIR Driver hemmelige skoler
Demokratisk veg
Tysdag feirar Norge fred, demokrati og sjølvstende. Tysdag samlast Den internasjonale støttegruppa for Syria (ISSG) i Wien. ISSG blir leia av Russland og USA og har medlemmer frå 17 nasjonar og organisasjonar, inkludert FN, EU, Saudi-Arabia, Iran og Frankrike.
Russland og USA lova måndag at dei skal «forsterke» innsatsen for å få ein slutt på krigen. Regimet i Damaskus og opprørarar, som blir støtta av høvesvis russarane og amerikanarane, blei same dag samde om å forlenge våpenkvila i Aleppo i 48 timer.
- Når mektige statar sluttar å tenkje på eigne interesser, og prioriterer syrarane sine interesser, kan det verkeleg bli fred, seier fader Alexi, og understrekar at syrarane må få lov å finne sin eigen demokratiske veg.
I vår har han på nytt kjent smaken av det han har sakna i fem år.
- Fred. Ein herleg smak.