Nyheter

Håper Panama får det til å tippe over

At verda tillet skatteparadis, banar vegen for Afrikas korrupsjon og at utnyttinga av fattige land held fram, meiner Alvin Mosioma i Tax Justice Africa.

Mosioma er i Norge for å legge fram ein rapport bestilt av Kirkens Nødhjelp, Redd Barna og Tax Justice Network Norge. I rapporten fortel han kva avsløringane i Panama-papira har hatt å seie for afrikanske land.

– Dette handlar ikkje om selskapet Mossack Fonseca eller om Panama. Panama-papira viser oss at dette er eit systemproblem, seier Mosioma, leiar for Tax Justice Network Africa.

LES MER: – Svekker samfunnet og åpner for korrupsjon

Ta ansvar

Han viser til at korrupsjon er noko ein snakkar om dagleg i mange afrikanske land. Gjennom Panama-papira kom det fram at personar i høge posisjonar i fleire afrikanske land, både statsleiarar og personar tilsett høgt oppe i departementa og domstolane, brukte advokatfirmaet Mossack Fonseca på Panama til å sette opp strukturar i skatteparadis som gjer det råd å skjule formue, halde korrupsjon og kriminalitet hemmeleg og unngå skatt.

– At vi snakkar om korrupsjon i afrikanske land er ikkje noko nytt. Det nye med Panama-papira er at vi må spørje: Korleis kan dei rike landa legge press på leiarane våre om å gjere noko med korrupsjonen, samtidig som dei rike landa legg føringane for infrastrukturen som gjer at korrupsjonen kan skjulast? Skatteparadisa er supply-sida av korrupsjonen, seier Mosioma.

Han understrekar at i dei store korrupsjonsskandalane i utviklingsland ser ein at dei alle på ein eller annan måte er knytta til skatteparadis, som Sveits, Cayman-øyane eller Panama. Mosioma trur at det er råd for mange afrikanske land å få slutt på lokal korrupsjon som å betale politiet under bordet. Men dei verkeleg store sakene som politiske skandalar, økonomisk kriminalitet, kvitvasking av pengar og skattesnyteri er uråd å stoppe utan å gjere noko på eit globalt plan.

Etter Panama-papira har regjeringa i Uganda kravd tilbake over 400 millionar dollar frå eit av oljeselskapa som var registrert på Jersey.

LES OGSÅ: – Norge underbygger skatteparadis

Forbod

I rapporten viser Mosioma til Richard Brooks, forfattar av boka The Great Tax Robbery, som seier at det som trengst ikkje er å reformere skatteparadisa, men å forby dei.

– Er det råd?

– Sjølvsagt, seier Mosioma.

Han viser til kva USA gjorde etter 11. september. Somme av dei som var involvert i bombinga av dei to tårna i New York hadde link til sveitsiske bankar. USA kravde at Sveits la fram opplysningar om alle amerikanske borgarar som hadde kontoar i sveitsiske bankar. Sveits som har tilbydd hemmelege konti i lange tider, gav til slutt etter. No skal alle bankar overalt i verda rapportere til USA dersom ein amerikansk borgar opnar konto.

– Det er så mange grunnar til å vere håpefull. OECD har sett i gang prosessar som for få år sidan ville vore utenkjelege. I sitt BEPS-prosjekt seier OECD at det noverande internprisingsystemet er feilslått. Dette er noko vi har stått på og sagt i mange år. Mange erkjenner at systemet vi har ikkje fungerer. Det vi manglar, er eit globalt leiarskap som vil gjere noko med det. Det er mange som har interesser i privat sektor og ikkje ønsker å gjere det som trengst, seier Mosioma.

LES MER: – Fører kampanjer for å utvanne regler

Følg oss på Facebook og Twitter!

Kolonitida

Den norske korrupsjonsjegeren Eva Joly har sagt at ho trur den folkeleg protest mot skatteparadisa er avgjerande for få til endringar. Det har vore somme protestar i afrikanske land i kjølvatnet av Panama-avsløringane, men ikkje i noko stort omfang. Mosioma trur at utfordringa er at diskusjonen om skatteparadis er veldig teknisk.

– Men til sjuande og sist handlar dette om den globale fordelinga av verdiane. I fleire afrikanske land har vi sett at regjeringar prøver å gjere noko, men i mange land er det ein viss skepsis til kor seriøse forsøka er.

Somme har sagt at skatteparadisa blei til i eit forsøk på å fortsetje den utnyttinga av ressursar som starta i kolonitida. Mosioma meiner det stemmer.

– Ja, det globale finanssystemet har i lang tid vore rigga med skatteparadisa som ein viktig del, og sementert strukturar som unyttar ressursane som er våre felles verdiar, seier han.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter