Håper Panama får det til å tippe over
At verda tillet skatteparadis, banar vegen for Afrikas korrupsjon og at utnyttinga av fattige land held fram, meiner Alvin Mosioma i Tax Justice Africa.
– Dei rike landa står for infrastrukturen og dei finansielle instrumenta som blir brukt til å tappe utviklingslanda. Det har Panama-avsløringane gjort meir klart enn nokon gong, seier Alvin Mosioma, leiar for Tax Justice Network Africa.
Erlend Berge
Mosioma er i Norge for å legge fram ein rapport bestilt av Kirkens Nødhjelp, Redd Barna og Tax Justice Network Norge. I rapporten fortel han kva avsløringane i Panama-papira har hatt å seie for afrikanske land.
– Dette handlar ikkje om selskapet Mossack Fonseca eller om Panama. Panama-papira viser oss at dette er eit systemproblem, seier Mosioma, leiar for Tax Justice Network Africa.
LES MER: – Svekker samfunnet og åpner for korrupsjon