Nyheter

Handlande og trufast

Ei av dei bibelforteljingane som fasinerte meg som barn, var historia om Moses, då Sivsjøen opna seg og israelsfolket fekk gå tørrskodde tvers igjennom havet, skriv Ellen Nordtun.

Då er eg tilbake på barneskulen og kristendomstimen på Meling skule på Bømlo. Eg ser framleis for meg der eg sat så bergtatt av denne historia då læraren vår så innlevande skildra det som skjedde. Ikkje minst ser eg for meg teikninga eg laga av ein brunkledd Moses, med ein stav i handa, der han gjekk framfor israelittane, på deira ferd gjennom Sivsjøen. Det var mørkeblå veggar av sjø på begge sider, og farao sin hær var faretruande nær.

Framleis fasinerer denne historia. Moses, som fekk det spesielle oppdraget frå Gud. Han skulle leia israelittane bort frå livet som slavar i Egypt og inn i eit land Gud skulle gje dei.

Etter ti landeplager som ramma Egypt, slapp farao israelsfolket og let dei reisa. Då dei kom til Sivsjøen, oppdagar dei at farao likevel sendte soldatane sine etter dei. Moses rekkjer staven ut over Sivsjøen og vatnet deler seg, slik at folket kunne vandra over til den andre sida. Då alle var over, lukka sjøen seg og israelittane var trygge for farao sin hær.

Den gang som no, har vi ein handlande Gud.

Det er kanskje ikkje alltid at ein kjenner å oppleva dette, når ein står midt oppi noko vanskeleg, og livet kjennes som å gå i ulent og strevsamt terreng.

Likeeins som Gud såg israelittane, frigjorde dei frå lidingane deira og førte dei over Sivsjøen, ser han oss i dag. Likeeins høyrer Gud klagene våre og skrika våre. Vi har ein Gud som kjenner smertene våre, ein nærværande Gud. Ein handlande, interessert og verksam Gud.

Han som i dåpen gav oss Den heilage ande vil aldri forlate oss, verken i dag eller i framtida. Han er handlande og trufast.

Ellen Nordtun er fungerande sokneprest i St. Petri menighet, Stavanger

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter