Nyheter

Han straffar imamar

Den danske regjeringa vil innskrenke ytringsfridomen.

Med løynd kamera gjekk dansk TV2 inn fleire moskear for å finne ut kva som eigentleg blei forkynt bak lukka dører. Dokumentarserien «Moskeerne bag sløret» har fått både regjering og folketingsparti til å bli samde: Her må det innførast innstrammingar.

LES MEIR: Her er politiets smykke-ABC

Fristat

TV2-dokumentaren avslører at imamen i Grimhøjmoskeen i Århus forkynner ein bodskap som ikkje er i samsvar med dansk lov:

• Utru kvinner skal piskast og seinast til døde.

• Foreldre kan slå barna sine.

I regjeringskvartalet og i Folketinget er politikarar oppgitte over mangelen på vilje til å slutte opp om danske verdiar. Integrasjonsminister Inger Støjberg vedgår at ho har mest lyst til å jamne den omstridde moskeen i Århus med jorda.

Grimhøj skal også vere mellom dei moskeane i Danmark som har sendt flest krigarar til Syria for å kjempe for terrororganisasjonen som omtalar seg sjølv som Den islamsk staten.

– Korkje Danmark eller Norge skal vere fristatar for dei som ikkje ønskjer å etterleve lover, reglar og kulturelle normer, seier Ingjerd Schou, innvandringspolitisk talskvinne i Høgre, til Vårt Land.

Ho forstår at Danmarks regjering ønskjer imaminnstrammingar.

LES MEIR: Muslimer blir mer religiøse

Hatbodskap

Statsminister Lars Løkke Rasmussen meiner løysinga er å endre lovverket slik at danske moskear og deira religiøse leiarar må forplikte seg til å etterleve danske verdiar.

Han har lagt fram tre innstrammingsforslag, som har samla støtte frå dei andre partia i Folketinget:

• Hindre såkalla hatpredikantar å sleppe inn i Danmark. Styresmaktene skal ha ei såkalla dynamisk liste over islamske imamar og islamske predikantar som spreier «hatbodskap».

• Ytringar som undergrev dansk lov skal kriminaliserast. Ein skal særleg gå etter dei som under dekke av religion og teologi «undergrev samfunnet».

• Imamar som ikkje respekterer «grunnormene i samfunnet» skal miste vigselsretten.

No skal kyrkjeminister Bertel Haarder arbeide vidare med forslaga, mellom anna skal det vere nye innstrammingsforhandlingar neste veke. Målet for den konservative, danske Venstre-regjeringa er å leggje fram lovforslag før sommarferien.

Radikalisering

Biskopar reagerer kraftig på imaminnstrammingane:

– Dersom vi forbyr dei, risikerer vi berre at dei samlar seg i løynd, og det kan bli svært farleg for det danske samfunnet, seier Peter Fischer Møller, biskop i Roskilde, til dr.dk.

Hans kollega i Viborg, Henrik Stubkjær, åtvarar mot å stramme inn religionsfridomen og ytringsfridomen:

– Vi må i vår iver etter å bekjempe radikalisering må ikkje snevre inn grunnleggjande rettar, seier han til Berlingske.dk.

Biskop Lise-Lotte Rebel i Helsingør forstår eit stykkje på veg innstrammingane:

– Problemet er at vi, slik det ser ut, står andsynes personar og religiøse samfunn som på den eine sida vil nyte godt av fridomsrettane, men som på den andre sida ikkje ønskjer å forplikte seg på grunnleggjande lover og rettar.

LES MEIR: Det kristne Danmark

Kriminelt

Høgres Ingjerd Schou er tindrande tydeleg på kva som må skje dersom ein også i Norge avdekkjer imamar som forkynner bodskapar som dei dansk TV2 har avslørt:

– Oppmodingar til kriminelle handlingar vil ikkje bli tolerert. Dei må etterleve lover og reglar. Gjer dei ikkje det, er ikkje Norge staden for dei.

Les mer om mer disse temaene:

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen er journalist i nyhetsavdelingen i Vårt Land.

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter