Nyheter

Grøn prest suste inn i kommunestyret

Gran knuste dei grøne listetoppane.

Lasse Gran er ein populær mann i Østre Toten kommune. Den pensjonerte soknepresten i Østre Toten stilte på fjerdeplass for Miljøpartiet Dei Grøne (MDG).

Populær mann

Men han fekk så mange personstemmer og slengjarar frå andre partis veljarar, at han parkerte dei to på listetoppen, melder Oppland Arbeiderblad. Totalt fekk presten 64 personstemmer og 98 slengjarar.

Gran blir MDGs første representant i Opplands-kommunen.

Fire grunnar

I eIt lesarinnlegg i Oppland Arbeiderblad forklarar Lasse Gran kvifor han er grøn: «Alt kan på en måte sammenfattes i «de fire solidariteter». Han listar opp:

• Solidaritet med miljøet.

• Global solidaritet.

• Solidaritet med dei svakaste.

• Solidaritet med framtida.

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen er journalist i nyhendeavdelinga i Vårt Land. Han har arbeidd i Vårt Land sidan 1992 og har tidlegare vore deskjournalist, vaktsjef, nyhendeleiar og samfunnsredaktør (nyhenderedaktør) i avisa. Han skriv særleg om asyl-, flyktning- og integreringspolitikk, oppvekst og utanriks – og konsekvensar av vedtak i regjeringa og Stortinget. Tips gjerne på: bjbj@vl.no

Mer fra: Nyheter